Opna hovudmenyen

Koordinatar: 60°52′9″N 4°47′56″E Røytinga eller Røytingja er ei øy ytst på kysten utanfor Byrknesøy i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Øya har tidlegdevonske bergartar, og er dekt med atlantisk lynghei. Røytinga ligg like innanfor (austom) Vassøyane, og avgrensast av Fensfjorden i sør og øygarden i Sognesjøen i nord. Det er eit populært område for småbåtfolk, og på vestpynten av den vestre halvdelen av øya (Røytingkalven) står Røytingkalven fyr.

Området vart berørt av den kaledonske fjellkjedefoldinga, då det «nordamerikanske» kontinentet Laurentia støytte saman med det «nordeuropeiske» Baltika for 425 millionar år sidan. Vassøyane og Røytinga høyrer til Solundbassenget frå seinsilur og tidleg devontid. Desse småøyane og hovudøyane i Solund er dekte av konglomerat og sandstein som ligg oppå putelava. Solundbassenget oppstod gjennom ein kombinasjon av vulkanistisk havbotnspreiing og kystnære avsetningar då det nett her, for 420-410 millionar år sidan, var litt attende av havet (Iapetus) mellom Laurentia og Baltika.[1] Formasjonen er restane av eit attverande havbasseng som var i bevegelse samstundes som avrenning frå det nye, kaledonske dekket i aust avsette sandstein oppå eldre bergartar i overgangen frå silur til devon. Bergartane på Vassøyane og Røytinga består såleis av drygt 400 millionar år gamle avsetningsbergartar.

ReferansarEndra

  1. Ramberg, Ivar B (red): Landet blir til - Norges geologi, 2007, side 113 og 192-194.