RS «Oslokjøpmannen»
redningsskøyte
RS 57 «Oslokjøpmannen» | ||
Verft: | Sigurd Sagen, Hommersåk | |
Konstruktør: | Rich G. Furuholmen | |
Byggjeår: | 1953 | |
Byggjepris: | 169 614 kroner | |
Oppkalla etter: | Gjevarane, Oslo kjøpmannsforeining | |
Finansiering: | Oslo kjøpmannsforeining | |
Eigenskapar | ||
Materiale: | furu på eikespant, ishud av kopar | |
Lengde: | 11,60 meter | |
Breidde: | 3,75 meter | |
Djupgåande: | 1,14 meter | |
Motor år: | 1953 | |
Motor: | 95 hk Albin diesel | |
Statistikk | ||
Sett inn i teneste: | 1953 | |
Ut av teneste: | 1968 | |
Fartøy berga: | 1 | |
Fartøy assistert: | 65 | |
Sjuketransport: | 46 | |
RS 57 «Oslokjøpmannen» er ei tidlegare redningsskøyte som vart bygd for Redningsselskapet i 1953. Ho vart konstruert av Rich G. Furuholmen, og bygd av Sigurd Sagen, Hommersåk. Dette var den siste redningsskøyta som vart bygd i tre. RS «Oslokjøpmannen» var finansiert av Oslo kjøpmannsforeining, som og var med på å gi skøyta namn.
Fram til 1968 var «Oslokjøpmannen» i teneste som redningsskøyte. Ho var stasjonert som utrykknngsfartøy ved Kvadsheim på Jæren, og Borhaug på Lista. Ho berga 1 fartøy frå totalforlis, og gav assistanse til totalt 65 fartøy.
«Oslokjøpmannen» er i dag i privat eige som fritidsbåt.
Kjelder
endre- Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002