Opna hovudmenyen

Raí Oliveira

brasiliansk fotballspelar

Raímundo Souza Vieira de Oliveira (fødd 15. mai 1965) er ein brasiliansk tidlegare fotballspelar frå Ribeirão Preto som spelte fleire kampar under VM i fotball 1994, der Brasil tok Rimet-pokalen. I klubbfotballen var han med om å vinne Copa Libertadores to gongar med São Paulo FC. Han var ein offensiv midtbanespelar, ofte i ei playmaker-rolle. Raí vart kåra til årets fotballspelar 1992 i Sør-Amerika. Fotballspelaren Sócrates var hans eldre bror.

Raí
Rai em 2009 cropped.jpg
Raí i 2009
Personleg informasjon
Fullt namn Raí Souza Vieira de Oliveira
Fødselsdato 15. mai 1965 (54 år)
Fødestad Ribeirão Preta i Brasil
Høgd 189 cm
Posisjon Angrepsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1984-1987 Botafogo
1986 Ponte Preta (lån) 10 (10)
1987-1993 São Paulo 110 (125)
1993-1998 PSG  145 (51)
1998-2000 São Paulo 19 (1)
Totalt 284 (77)
Landslag
1987-1998 Brasil 49 (17)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

KlubbspelEndra

Raí spelte på São Paulo FC frå 1987 til 1993. Saman med Cafu og Müller var han ein sentral aktør då klubben i 1992 vann Copa Libertadores for fyrste gong, og då laget forsvarte meistertittelen året etter. Raí skåra eit finalemål både i 1992 og 1993. Dei neste fem åra var han aktiv for Paris Saint-Germain. Den fyrste sesongen med det franske hovudstadslaget enda med ligapokal, året etter med nasjonal cuptriumf. Han vart skadd tidleg i Cupvinnarcupfinalen 1996, då laget hans slo Rapid Wien 1-10 . Våren 1997 tapte derimot PSG finalen i cupvinnarcupen mot FC Barcelona med 0-1. Hausten 1998 reiste Raí tilbake til São Paulo FC, men der hadde han lite å tilføre laget og la opp i 2000.

LandslagsspelEndra

Raí deltok i 51 av Brasil sine landskampar i tida 1987-98. I 1989 var han med om å vinne Copa América. Han deltok i fleire kampar under Fotball-VM 1994 i USA, skåra på straffe då Brasil vann opningskampen 2-0 over Russland. Han var innbytar i semifinalen mot Sverige, heile finalen såg han han frå reservebenken. Raí skåra 16 landslagsmål.

MerittarEndra

  • Verdsmeister: 1994 for Brasil
  • Vinnar av Copa Libertadores: 1992 og 1993 med São Paulo FC
  • Brasiliansk seriemeister: 1991 med São Paulo FC
  • Fransk ligameister: 1994 med Paris Saint-Germain
  • Fransk cupmeister: 1995 og 1998 med Paris Saint-Germain
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1996 med Paris Saint-Germain

KjelderEndra