Raïs M'Bolhi
Adi Raïs Cobos Adrien M'Bolhi Ouhab, arabisk ارايس مبولحي (fødd 25. april 1986 i Paris) er ein fransk fotballspelar med kongolesisk far og algerisk mor, som hausten 2011 spela som keeper for CSKA Sofia i den bulgarske fotballigaen, på lån frå Krylja Sovetov i den russiske fotballigaen, og for det algeriske landslaget. Han vart kåra til årets keeper i den bulgarske ligaen i 2009. M'Bolhi spelte landskampar for Frankrike på U16- og U17-nivå. I mai 2010 vart han teken ut til Algerie sin tropp til fotball-VM i 2010, og han debuterte for Algerie sitt A-landslag 28. mai 2010 som innbytar i ein privatlandskamp mot Irland. Han slepte inn eitt mål på straffespark i den kampen. Den andre landskampen hans var gruppekampen mot England under VM i Sør-Afrika, der han heldt målet reint.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Adi Raïs Cobos Adrien M'Bolhi Ouhab | ||
Fødd | 25. april 1986 | ||
Fødestad | Paris | ||
Høgd | 190 cm | ||
Posisjon | Keeper | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | CSKA Sofia | ||
Nummer | 92 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1995-2002 2003-06 2006 2006 2007 2008 2009-10 2010 2011- 2011- |
RCF Paris Marseille Heart of Midlothian Ethnikós Pireus Panetolikós FC Ryūkyū Slavia Sofia CSKA Sofia (lån) Krylja Sovetov CSKA Sofia (lån) |
0 (0) 0 (0) 0 (0) 5 (0) 8 (0) 22 (0) 27 (0) 10 (0) 17 (0) 7 (0) | |
Landslag | |||
2010- | Algerie | 10 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 27. september 2011 |