Rabah Madjer

algerisk fotballspelar

Mustapha Rabah Madjer (fødd 15. februar 1958) er ein algerisk fotballtrenar og tidlegare -spelar. Han var ein briljant teknikar som særleg vert hugsa for sitt hælspark-mål i europacupfinalen 1987, då FC Porto vann 2-1 over Bayern München. Angrepsspelaren vart i 1990 afrikameister med Algerie.

Rabah Madjer

Statsborgarskap Algerie
Fødd 15. desember 1958 (65 år)
Alger
Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Språk arabisk
Høgd 178 centimeter
Rabah Madjer på Commons

Klubbspel endre

Madjer spelte på Hussein Dey i heimlandet frå 1975 til 1983. Deretter var han Racing Paris-spelar i halvtanna år. Etter ein halv sesong i Tours, gjekk Madjer sommaren 1985 over til FC Porto, der han hadde ei avgjerande rolle då klubben vann Europacupen 1987. Seint i andre omgang utlikna han til 1-1 med eit hælspark-mål. Fire minuttar seinare spelte han fram lagkamerat Jury som skåra sigersmålet for Porto. Same året vart Madjer kåra til Årets fotballsspelar i Afrika.

I juli 1988 vart Madjer overført til Valencia CF. Allereie eit par månader ut i sesongen vende han tilbake til Porto, der han på ny viste seg som ein verdfull spelar. År 1990 var han benkeslitar og i 1992 la han opp som spelar etter eit kort opphald i Qatar SC.

Landslagsspel endre

Madjer spelte 87 landskampar for Algerie. Han utmerkte seg under verdsmeisterskapen i fotball 1982, deltok også i VM 1986. I 1990 var lagets bestemann då Algerie slo vertslandet Nigeria med 1-0 i finalen i afrikameisterskapen.

Merittar endre

  • Vinnar av Europacupen: 1987 med FC Porto
  • Afrikameister: 1990 for Algerie
  • Portugisisk seriemeister: 1986, 1988, 1990 med FC Porto
  • Portugisisk cupmeister: 1988, 1991 med FC Porto

Kjelder endre