Rabat er hovudstaden og den tredje mest folkerike byen i Marokko. Byen ligg på sørsida av utlaupet til elva Bou-Regreg i Atlanterhavet. På nordbreidda av elva ligg Salè, soveby til Rabat. Saman med Temara har byområda kring hovudstaden om lag 1,7 millionar ibuarar.

الرباط
Rabat
Rabat
Rabat
Byvåpenet til Rabat
Styresmakter
Land Marokko
Geografi
Flatevidd 117 km²
Innbyggjarar
 - By (2014)

572 717[1]
Koordinatar 34°02′N 6°50′W / 34.033°N 6.833°W / 34.033; -6.833
Høgd over havet 135 m
Diverse anna
Heimeside: http://www.rabat.ma
Plassering
Rabat is located in Marokko

Rabat er ein administrasjonsby og har få handledistrikt. Bykjernen består av gamlebyen, Oudayaene og Hassan. Rolla som hamneby er svekka, grunna tilslamming.

Byen er sentrum for fransk kultur i Marokko. Rabat har eit universitet frå 1954,eit stort teater i midtbyen, nokre få offentlege kunstgalleri og eit arkeologisk museum.

Rabat vart oppført på UNESCO si verdsarvliste i 2012.[2]

Klima endre

Rabat har eit middelhavsklima. Sidan byen ligg ved Atlanterhavet har han eit mildt, temperert klima, med kjølige vinterdagar og varme dagar i sommarmånadene. Nettene er alltid kjølige, medan dagtemperaturen vanlegvis stig til 9-10 C°. Gjennomsnittstemperaturen på dagtid i desember-januar er 17, i juli-august 27. Nedbørsmengda er størst i desember med 94 mm, medan det i dei fire månadene juni-september er så å seie nedbørsfri.

Historie endre

Eldste kjende busetnaden i området er Chellah, nemnt i det tredje hundreåret før Kristi fødsel. Romarar erobra Chellah i år 40 og danna Sala Colonia. Roma rådde over kolonien til 250, då dei overlet staden til lokale herskarar. Rabat vart grunnlagt som ein ribat (kloster eller festning) av almohadane på 1100-talet og var utbygt til eit stort fort. Fortet vart nytta som utgangspunkt for angrep mot dei kristne i Andalucía og rivalar i Maghreb. Han fekk seinare namnet ribat al-Fath,[3] som tyder 'sigersfestningen' og er grunnlaget for dagens namn.

Almohad-kalifen Yaqub al-Mansur flytta hovudstaden i riket sitt til Rabat. Han fekk bygt bymurar og ein kasbah.[4] I muren til festningsverket Kasbah Oudaya er det òg ein stor port som vart bygt på sistedelen av 1100-talet. Yaqub sette elles i gang arbeidet på det som hadde vorte verdas største moské, om bygginga hadde vorte fullført. Men bygningsarbeidet stoppa opp då han døydde. Ruinane og Hassan-tårnet (minareten) står igjen i dag.[5] Gamlebyen er framleis dominert av Kasbah Oudaya og det 44 meter høge Hassantårnet.

På 1200-talet mista Rabat mykje av si økonomiske makt, til fordel for Fez. I 1515 melde ein maurisk oppdagar at einast 100 husvære var bebudd. Rabat voks tidleg på 1600-talet, mykje takk vere morisk-innflyttarar som var utviste frå Spania.

Piratrepublikk endre

Rabat og Salé danna i felleskap Bou Regreg-republikken i 1627. Republikken vart styrt av barbar-piratar som nytta dei to byane som base for sjørøveri til havs. Piratane låg ikkje i strid med noko sentralmakt før Alawit-dynastiet samla Marokko i 1666. Alawittane mislukkast med å få kontroll over sjørøvarane. Både europeiske og muslimske makter prøvde i årevis å ta kontroll over piratbyane, men Bou Regreg-republikken bestod heilt til 1818. Også etter republikken kollapsa, nytta piratar hamnebyen Rabat i verksemda si. Etter eit austerriksk skip hadde gått tapt i eit piratåtak i 1829, bomba Austerrike byen.

Fransk styre endre

Frankrike invaderte Marokko i 1912 og etablerte eit protektorat. Franskmennene flytta hovudstaden i landet frå Fez til Rabat. Sultan Moulay Youssef fylgde opp det franske vedtaket, og flytta residensen sin til Rabat. Under det franske protektorat voks byen sterkt. Då Marokko oppnådde sjølvstende i 1956, valde den dåverande kongen, Mohammed V, at hovudstaden skulle verte verande i Rabat.

Etter 2. verdskrigen endre

I tida etter verdskrigen etablerte USA seg militært i Rabat, det tok i bruk den tidlegare fransk flybasen. Tidleg i 1950-åra hyste flybasen to store avdelingar av USA Air Force (flyvåpen). Etter Marokko vart sjølvstendig i 1956, ynskte regjeringa at USA skulle trekke styrken ut av landet. Kravet om uttrekking vart forsterka etter invasjonen i Libanon 1958, og i desember 1959 lova USA å etterkome kravet. I 1963 var det US-amerikanske nærværet i Marokko over. Marokkos eige flyvåpen har sidan den gong hatt sin hovudflybase i Rabat.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Démographie - Province : Rabat (Urbain)». 
  2. Rabat, modern capital and historic city: a shared heritage UNESCO, henta 15.juli 2012
  3. RabatLarousse.fr, henta 15.juli 2012
  4. La Kasbah des Oudayas Arkivert 2011-09-14 ved Wayback Machine.Mairie de Rabat, (fransk), henta 15.juli 2012.
  5. Hassan Mosque and Tower Arkivert 2012-10-10 ved Wayback Machine.fundacion.telefonica.com, hentet 15.juli 2012

«Rabat» av redaksjonen i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Rabat