Radians er den effekten som vert strålt ut frå eit flateelement per romvinkeleining i ei særskild retning dividert på den tilsynelatande storleiken til flateelementet sett frå same retning. Radiansen er definert som

der

L er den observerte eller målte radiansen (W·m−2·sr−1), i retninga θ,
d er differnsialoperatoren,
Φ er den totale strålingsfluksen eller effekten (W) utstrålt
θ er vinkelen mellom normalen på flata og den spesifiserte retninga
A er arealet til flata (m2), og
er romvinkelen (sr) i forhold til observasjonen eller målinga.
Tilnærminga gjeld berre for små A og Ω der cos θ er tilnærma konstant.

Viss radiansen er den same i alle retninga, seier ein at strålinga følgjer Laberts cosinuslov

Radians-faktoren for eit punkt på ei flate er forholdet mellom radiansen i ei særskild retning og den radiansen ein ville ha venta i same retning om flata hadde reflektert strålinga i samsvar med Lamberts cosinuslov.

Kjelder endre