Opna hovudmenyen

Guglielmo Marconi

italiensk oppfinnar, fysikar og ingeniør

LivEndra

Guglielmo Marconi vart fødd i Bologna som andre son til den italienske landeigaren Giuseppe Marconi og den irske kona Annie Jameson. Han gjekk på privatskule i Bologna, Firenze og i Livorno. Han studerte ved Universitetet i Bologna. Allereie i ungdomen interesserte han seg for vitskapar knytt til fysikk og elektrisitet. Han studerte arbeida til James Clerk Maxwell, Heinrich Hertz, Righi, Lodge og andre.

OppfinningarEndra

Frå 1890 arbeidde Marconi med trådlaus telegrafi. I [1895 byrja han med eksperiment heime på garden til faren. Han greidde å utvikla eit apparat som ein kunne senda trådlause signal med. Rekkevidda var kring tre kilometer.

Han tok patent på systemet sitt i Storbritannia, med britisk patent nummer 12039. I 1897 grunnla han føretaket Marconi’s Wireless Telegraph Company Ltd. med hovudkontor i London. Den [12. desember 1901 lukkast den fyrste transatlantiske trådlause overføringa. I 1909 fekk Marconi Nobelprisen i fysikk. Seinare arbeidde han med korleis ein kunne nytta kortbølgjer og mikrobølgjer. Han døydde den 20. juli 1937 i Roma.

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra