Michele Perniola
Michele Perniola (fødd 1998 i Palagiano) er ein italiensk songar. Han er kjend for å ha vunne den sjette sesongen av Ti lascio una canzone på Rai 1.
Michele Perniola | |||
| |||
Fødd | 6. september 1998 (26 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Palagiano | ||
Opphav | Italia | ||
Aktiv | 2012– | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar, skodespelar, låtskrivar |
Eurovision
endreJunior Eurovision Song Contest 2013
endreSan Marino debuterte i Junior Eurovision Song Contest 2013 i Kiev i Ukraina og Radiotelevisione della Repubblica di San Marino valde Perniola som sin representant med songen «O-o-O Sole intorno a me». Songen har han skrive saman med Antonio Carozza, Massimiliano Messieri og Piero Romitelli, og vart framført på italiensk. I fylgje reglane må kvart land velje ein deltakar med statsborgarskap i det landet ein skal representere eller ha budd der i meir enn to og eit halvt år. På grunn av lågt folketal har San Marino lov til å velje ein deltakar frå anten San Marino eller Italia.
Landet enda på tiandeplass med 42 poeng; fire frå Armenia og Russland, tre frå Kviterussland og Georgia, to frå Aserbajdsjan, Malta, Moldova, Sverige og Nederland og eitt frå Ukraina. San Marino fekk i tillegg fem poeng frå barnejuryen og kvart land fekk tolv bonuspoeng for å unngå at nokon ville ende opp utan poeng. Det var fyrste gongen San Marino deltok i ein Eurovision-finale. Landet har aldri delteke i finalen i Eurovision Song Contest sidan debuten i 2008.
Eurovision Song Contest 2014
endrePerniola var talsperson for San Marino under Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark, og delte ut poenga frå San Marino i finalen.[1][2]
Eurovision Song Contest 2015
endre27. november 2014 annonserte Radiotelevisione della Repubblica di San Marino at dei hadde vald Perniola og Anita Simoncini til å representere San Marino i Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike.[3]
Fotnotar
endre- ↑ «SMRTV TO COVER ALL THREE SHOWS» (på engelsk). oikotimes.com. 19. april 2014. Henta 30. april 2014.
- ↑ «San Marino: Michele Perniola To Announce The San Marinese Vote» (på engelsk). Henta 30. april 2014.
- ↑ «Anita and Michele to represent San Marino» (på engelsk). Eurovision.tv. 24. november 2014. Henta 27. november 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- «About Michele Perniola» (på engelsk). Junioreurovision.tv. Henta 10. november 2013.
- «San Marino will debut in Junior Eurovision with Michele Perniola» (på engelsk). EuroVisionary. 3. november 2013. Henta 10. november 2013.