Raglan på New Zealand
Raglan på Nordøya på New Zealand er ein liten kystby som ligg 48 km vest for Hamilton, ved State Highway 23. Han er kjend for surfing og strender med svart vulkansk sand.
Raglan på New Zealand | |||
by | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Region | Waikato | ||
Distrikt | Waikato District | ||
Folketal | 3 280 (30. juni 2018) | ||
Raglan på New Zealand 37°48′00″S 174°52′16″E / 37.8°S 174.871°E | |||
Wikimedia Commons: Raglan, New Zealand |
Iwien Ngāti Māhanga heldt til på området rundt Raglan seint på 1700-talet.[3] Det finst minst 81 arkeologiske funnstader i området,[4] hovudsakleg nær kysten.[5] Avgrensa radiokarbondatering har tidfesta dei eldste stadane til rundt 1400.[6] Maoriane kalla staden Whaingaroa ('den lang jakta'). Ei overlevering fortel at Tainui-presten Rakataura, kryssa Whāingaroa på veg til Kāwhia.[7] Ei anna seier at dette var ein av stadene den tidlege Te Arawa-utforskaren Kahumatamomoe vitja med nevøen sin Īhenga under ekspedisjonen sin frå Maketū.[8]
Dei fyrste europearane til å slå seg ned i området var metodistmisjonærane James og Mary Wallis, som blei velkomne av lokale maoriar i 1835.[9] Europeisk busetnad i større skala, som inkluderte store endringar i omforming av land til beite, byrja på midten av 1850-talet etter eit stort landsal av hovding Wiremu Neera Te Awaitaia.
Namnet «Raglan» blei teke i bruk i 1858[10] til ære for Fitzroy Somerset, 1. lord Raglan (1788–1855), som hadde leia dei britiske styrkane under Krimkrigen i 1853–1856.[11]
Økonomien i Raglan bygde opphavleg på Phormium- og tømmereksport, følgd av landbruk, som er blitt verande viktig i området. Kultur og turisme er også viktige nyare næringsvegar. Raglan and District Museum huser historiske gjenstandar og arkiv for regionen. Det blei bygd ein ny museum i 2011.[12]
Byen blei åstad for sivil ulydnad-kampanjar på 1970-talet. Under andre verdskrigen (1939–1945) hadde styresmaktene teke maoriland her for å laga ei militær flystripe. Då dei ikkje lenger trengde denne for forsvar blei delar av landet, 62-acre (25 ha)[13] ikkje gjeven attende til eigarane men i staden del av den offentlege golfbana i Raglan. Ei rekkje protestar og eit forsøk på å gjenokkupera landet følgde. I 1978 blei 20 maoriar arresterte ved det niande holet på golfbana. Landet blei til slutt gjeve tilbake til dei opphavlege eigarane, og blei eit fokuspunkt for maori-protestrørsla.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE8318.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE7981.
- ↑ Nancy Swarbrick, Nancy. «Waikato places – Raglan and the west coast». Te Ara – the Encyclopedia of New Zealand.
- ↑ «District Plan review» (PDF). Waikato District Council. 2018.
- ↑ «NZAA Site Viewer». archsite.eaglegis.co.nz. Henta 31. august 2019.
- ↑ «An early artefact assemblage from the northern Waikato coast, New Zealand». ResearchGate. Henta 31. august 2019.
- ↑ «The Travels of Rakataura. — The Mauri of the Forests». nzetc.victoria.ac.nz. Henta 31 August 2019.
- ↑ Taonga, New Zealand Ministry for Culture and Heritage Te Manatu. «Kahumatamomoe and Īhenga's journeys». teara.govt.nz. Henta 31. august 2019.
- ↑ Raglan by R. T Vernon
- ↑ «Local News. COLONIST». paperspast.natlib.govt.nz. 18 May 1858. Henta 31 August 2019.
- ↑ «Raglan – New Zealand history online». nzhistory.govt.nz. Henta 31. august 2019.
- ↑ Raglan and District Museum
- ↑ «Bulldozers Levelling Sand Dunes at Raglan, Where An Emergency Landing-ground of 60 Acres Is Under Construction.». The New Zealand Herald. 28. oktober 1941. s. 9. Henta 16. april 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Raglan, New Zealand» frå Wikipedia på engelsk, den 11. november 2020.