Waikato er ein regionNordøyaNew Zealand. Den nøyaktige avgrensinga til regionen er for ein stor del avhengig av i kva samanheng ein brukar namnet, men i alle tilfelle dreier det seg om eit omkråde kring byen Hamilton og langs breiddene til Waikatoelva.

Waikato
region
Waikato River renn gjennom Hamilton.
Land  New Zealand
Distrikt  • Hamilton City
 • Waikato District
 • South Waikato District
 • Waipa District
 • Thames-Coromandel District
 • Matamata-Piako District
 • Waitomo District
 • Otorohanga District
 • Ein del av Franklin District
 • Hauraki District
 • Ein del av Taupo District
 • Ein del av Rotorua District
By Hamilton City
Areal 25 598 km²
Folketal 468 800 (30. juni 2018)[1]
Kart
Waikato
37°48′S 175°24′E / 37.8°S 175.4°E / -37.8; 175.4
Kart som viser Waikato.
Kart som viser Waikato.
Kart som viser Waikato.
Wikimedia Commons: Waikato Region
Huntly og Waikatoelva i Waikato.

Andre definisjonar

endre

Regionen Waikato

endre

Waikato region er ein lokalstyrt region på vestsida av Nordøya på New Zealand. Han strekkjer seg frå innsjøen Lake Taupo og den nordlege delen av landskapet King Country i sør, opp til halvøya Coromandel Peninsula og grensa til Regionen Auckland. Regionen har ei flatevidde på 25 600 km², og eit innbyggjartal på 468 800 i 2018.

Waikatoregionen (generelt)

endre

Utrykket Waikato står ofte berre for ein del av den offisielle regionen, der ein ser bort frå områda kring Coromandelhalvøya og Thames Valley i nord, og områda kring og nord for innsjøen Lake Taupo i søraust.

Waikato-distriktet

endre

Waikato kan også vise til distriktet Waikato som har sin eigen lokale administrasjon (Waikato District Council). Dette omfattar byane Ngaruawahia, Huntly og Raglan.

Waikatoelva

endre
 
Ein hjuldampar på Waikato River.

Waikatoelva er den lange elva som har gjeve namn til regionen. Waikato er eit maoriord som tyder 'rennande vatn'.

Geografi

endre

Mot vest grensar regionen til Tasmanhavet. Ut mot kysten er landskapet for ein stor del ganske kupert med opprevne åsrekkjer, men er meir avflata i den nordlege delen, nærare munningen til Waikato River. Dette området vert kalla Hakarimata Range. Langs kysten ligg tre store naturlege hamner: Raglan Harbour, Aotea Harbour og Kawhia Harbour. Kysten kring Raglan er kjend for dei svarte vulkanske sandstrendene sine, men òg for dei fine tilhøva for surfing i Manu Bay og stranda Ruapuke. Aust for åsane ved kysten ligg det breie elvebassenget til Waikato River. Regionen har eit fuktig temperert klima, og ein stor del er dyrka jordbruksland, men der er òg område med udrenerte torvmyrer. Det er i dette vide området (Waikato Plains) at størsteparten av innbyggjarane i regionen held til, og jorda er oppdyrka, både til husdyr (for det meste mjølkekyr) og for nyttevekster, som til dømes mais. Området omkring Cambridge har mange stallar for fullblodshestar.

Nord i regionen, kring Te Kauwhata, vert somme av dei beste vinane på New Zealand produserte. Det ligg fleire grunne innsjøar i dette området, den største av desse er Lake Waikare.

I aust stig landskapet mot dei skogkledde åsane i Kaimai og Mamaku Ranges. I dei øvre delane av Waikato River vert det produsert vasskraft, og fleire store oppdemde innsjøar ligg søraust i regionen.

Historie

endre

Før europearane kom, var dei vestre delane av Nordøya av dei tettast busette områda på New Zealand, og tilhaldsstad for maori-iwiar (stammer) som til dømes Ngāti Toa og Tainui.

Waikato er av stor historisk interesse, særleg når det gjeld tilhøva mellom māoriar og europearar i den tidlege kolonitida på New Zealand. Under maorikrigane (Land Wars) i 1860-åra var Waikato arena for ei stor blodsutgyting, under det som seinare har vorte kalla invasjonen av Waikato. For ein stor del som hemn for at maoriar i Waikato hadde hjelpt maoriar i Taranaki til å verja landet sitt i ein tidlegare strid, den første Taranakikrigen, dreiv styresmaktene i kolonien — med hjelp av britiske troppar — maoristyrkar søretter frå hovudbusetnadane i Auckland, gjennom fleire forsvarslinjer som var organiserte av dei sameina iwi i motstandsrørsla King Movement. I 1863 og 1864 fann det stad kampar i Meremere, Ngaruawahia, Rangiaowhia (sørvest for Cambridge) og ved Orakau (nær Te Awamutu). Til slutt vart styrkane til maoriane drivne attende til stillingar i områda sør for Waikato; områda her er enno kjende som King Country. Omlegringa av Orakau vart udødeleggjort i ein av dei tidlegaste spelefilmane på New Zealand, Rewi's Last Stand, i 1925.

Den nasjonale maraen, Turangawaewae, ligg ved Ngaruawahia. Her ligg også setet til den nyleg krona maorikongen, Tuheitia Paki.

Busetnad

endre

Større og mindre byar

endre
 
Victoria Street i Hamilton i kveldinga.
 
Kart over folketettleiken i Waikato ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for å sjå teiknforklaringa.

Hamilton er det største bysenteret med eit folketal på 158 500 i 2006. Byen er sete for utdanningsinstitusjonane Waikato University og Wintec. Byane Tokoroa, Te Awamutu og Cambridge har kvar om lag 1 000 til 15 000 innbyggjarar i bysentera og dei omliggjande landdistrikta.

Dei mindre byane Huntly, Matamata, Morrinsville, Ngaruawahia, Otorohanga, Putaruru, Raglan, Te Kauwhata, Te Kuiti, og Tirau ligg også i regionen.

Andre byar i regionen Waikato, men utanfor det som til dagleg vert rekna som Waikatoområdet, er Tuakau og Mercer, sør for Auckland; Paeroa, Te Aroha, Thames, Whangamata, og Whitianga kring Thames Valley og på halvøya Coromandel Peninsula; Taupo (folketal 22 300) og byen Turangi i søraust.

 
Regnskog på Coromandelhalvøya.

Folk frå Waikato kallar seg stundom Mooloo for å tilkjennegi regionen sin, særleg i samband med sportstilstellingar. Truleg vart nemninga først bruka om regionen sitt rugbylag, Waikato Rugby Union. Opphavet til nemninga er ein maskot med likskap av ei mjølkeku, som vart brukt i opptog, offentlege tilstellingar og sportstilstellingar — særleg rugby, for å tlkjennegi kor viktig mjølkeindustrien er for regionen. Waikato er også setet til rugbylaget Chiefs og cricketlaget Northern Districts Knights.

Kjende personar frå Waikato

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Waikato