Sidsel Margrethe Wold (fødd 23. februar 1959) er ein norsk journalist og forfattar. Frå 2007 til 2011 var ho NRK sin korrespondent i Midtausten.

Sidsel Wold

Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. februar 1959 (65 år)
Oslo
Yrke journalist
Ektefelle Ragnar Kvam jr.
Sidsel Wold på Commons

Arbeid endre

I 1978 reiste Sidsel Wold til Israel, der ho arbeidde som kalverøktar på ein kibbutz. Heime i Noreg vart ho dagleg leiar i Norske Kibbutz Vener (NORKIV), som arbeidde med å tilretteleggja for kibbutzopphaldet til norske ungdomar. Wold seier sjølv at ho i 1980-åra var i ferd med å konvertera til jødedomen, ein periode åt ho kosher og gjekk jamleg i synagogen. Ho engasjerte seg òg i organisasjonen Med Israel for fred, der ho vart vald inn i hovudstyret, og var redaktør for organet Midtøsten i Fokus.[1] Ho byrja på Universitetet i Oslo i 1981, og heldt samstundes kontakt med det jødiske miljøet i Noreg. Wold har budd i Israel fleire gonger sidan, blant anna for å studera arabisk i 2003.

Sidsel Wold har jobba i ulike NRK-avdelingar, både som programleiar i radioen, TV-reporter og vikarierande utenrikskorrespondent i Midtausten. Ho har også vore journalist i Morgenbladet.

Wold er gift med Ragnar Kvam jr., som er seglar, forfattar og tidlegare Dagbladet-journalist. Paret har ein son saman. Dei utførte ei jordomsegling i 1995–1996.

Bibliografi endre

  • 1989: Lyrikere på larveføtter: En analyse av «Borgulfsen» som språkfenomen i norsk radiounderholdning - med Kari Slaatsveen
  • 1999: Warra! Warra!: Da de hvite kom til Australia (Omnipax)
  • 2006: Checkpoint: En beretning fra Midtøsten (Gyldendal)
  • 2015: Landet som lovet alt: Min israelske reise (Spartacus)

Prisar og utmerkingar endre

Referansar endre

  1. Side 52 og 54. Sidsel Wold: Landet som lovet alt: Min israelske reise. Spartacus 2015
  2. «Sidsel Wold tildelt Perspektivprisen 2011». Arkivert frå originalen 1. november 2012. 
  3. «Sidsel Wold får pris for Midtausten-rapportering». nrk.no. 10. november 2014. 

Bakgrunnsstoff endre