Ragnar Vigdal (19. november 191315. februar 1991) var ein slåttesamlar og folkesongar frå Vigdal, seinare Gaupne, i Luster kommune i Sogn.

Ragnar Vigdal
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. november 1913
Død

15. februar 1991 (77 år)

Yrke musikar

Bakgrunn endre

Ragnar Vigdal voks opp i fjellbygda Vigdalen, ein sidedal til Jostedalen, i ein heim prega av pietistisk lekmannskristendom. Foreldra hans heitte Klaus (fødd 1857) og Anna Vigdal (fødd 1877). I heimen og på husmøte lærte han å synge hundrevis av religiøse folketonar på den gamle måten.

Ragnar Vigdal arbeidde på garden i Vigdalen til 1944. Då busette han seg på Røneid og tok arbeid som smed og lastebilsjåfør. I 1968 starta han ein betongfabrikk på Røneid som han dreiv til sonen Klaus Vigdal tok over i 1973.

Folkemusikar endre

Songstilen hans Vigdal er merkt av ei mjuk og bøyeleg melodiline, rikeleg utsmykt med glidetonar, krullar og ekstra sløyfer i tonen, med ein tonalitet som ikkje følgjer dei klassiske skalaene. Ei tekststaving kunne ha både fire og fem tonetrinn, noko Vigdal sjølv kalla krull, trinn eller bøyging.

Ragnar Vigdal samla folketonar frå bygdene i Luster og turnerte som folkesongar. Han gjorde mange opptak for Folkemusikkhalvtimen i NRK. Han har sunge inn CD-plata Tonereise til ei gamal samtid, som vart innspelt i 1979 og utgjeven på Kirkelig kulturverksted på LP same året, og på CD i 1997. Plata vart produsert av Marianne Lystrup og Erik Hillestad. På nokre av songane på plata medverkar Henning Sommerro på orgel. Vigdal har òg medverka i samle-cd'ar med folkemusikk frå Sogn og Fjordane.

Ein utøvar som sidan 80-talet har formidla mange av songane etter Ragnar Vigdal er Sondre Bratland.

Ragnar Vigdal fekk Fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane i 1980.

Sogn og Fjordane Folkemusikklag har seinare arrangert Ragnar Vigdal-symposium i Jostedal med deltakarar frå heile Sør-Noreg.

Kjelder endre