Fylkeskulturprisen
Fylkeskulturprisen var Sogn og Fjordane sin eigen kulturpris. Denne vart delt ut kvart år til einskildpersonar, lag eller organisasjonar frå fylket som har vist evne og vilje til ein kulturinnsats ut over det vanlege. Føremålet med prisen var å hjelpe fram kulturarbeidet i Sogn og Fjordane.[1]
Hovudutvalet for kultur har vore ansvarleg for å kåre vinnaren og fastsetje kor stor prisen skal vere kvart år. Dette utvalet har delvis hatt avgjerdsrett, delvis rådgjevande funksjon til fylkesutvalet eller fylkestinget, og hadde 9 medlemmar frå ulike politiske parti.[2] Utdelinga av prisen skjedde i samband med fylkestingsamling kvart år.[3]
Prisvinnarar
endre- 1980: Ragnar Vigdal (Luster) for arbeid med gamle songteknikkar.
- 1981: Per Knut Aaland (Stryn) saman med fotballgruppa i Sogndal IL.
- 1982: Siv Jørstad og Inge Rotevatn (Eid) for restaurering av ein freda sorenskrivargard og galleridrift.
- 1983: Rolf Myklebust (Oslo/Stryn) for innsats for folkemusikk gjennom jobb i NRK
- 1984: Søndagsskulearbeidet i fylket.
- 1985: Olav J. Befring (Jølster) og Svein Brandsøy (Florø) for vitskapeleg arbeid i fylket.
- 1986: Olav Stedje (Sogndal) for visesong
- 1987: Rolf Losnegård (Askvoll) og Jon Tolaas (Eid), begge forfattarar.
- 1988: Audhild Viken (Jølster) for husflid.
- 1989: Honndalstausene (Hornindal), folkemusikkgruppe (fele).
- 1990: Gloppen Jentekor
- 1991: Oddleif Fagerheim (Fjaler) for arbeid for folkeopplysing og kultur.
- 1992: Helge Bydal og Martinius Grov (begge Førde) for bueskyting.
- 1993: Kinnaspelet
- 1994: Ludvig Eikaas (Oslo/Jølster) for billedkunst.
- 1995: Dale Ungdomslag (Fjaler) for å forvalte arva etter Jakob Sande.
- 1996: Leikanger Mannskor (Leikanger) for «Palmerevyen».
- 1997: Vevringutstillinga (Naustdal)
- 1998: Knut Rumohr (Oslo/Lærdal) for billedkunst.
- 1999: Musikkprosjekta i Årdal.
- 2000: Terje Ness (Oslo/Førde) som nykåra verdsmeistar i kokkekunst.
- 2001: Sigmund Eikås (Jølster) for sigrar i landskappleik og lang innsats for folkemusikk.
- 2002: Fabel.
- 2003: Norvald Tveit (Hyllestad) for litteratur.
- 2004: Jorunn Reina (Førde), Signe Lise Bergheim (Gloppen) og Leyeune Avdal (Årdal) for innsats som danselærarar.
- 2005: Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich (Eid) for arbeidet med Opera Nordfjord.
- 2006: Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU) i Sogn og Fjordane.
- 2007: Oddvar Torsheim (Førde) for kunst.
- 2008: Odd-Bjørn Hjelmeset (Gloppen) for innsats som langrennsløper.
- 2009: Nedre Jølster Bilelag for restaurering av gamle bygningar.[4]
- 2010: Sigrid Moldestad (Gloppen) for musikk.[5]
- 2011: Kari Kvamme og Claus Kvamme for arbeidet med Den norske bokbyen i Fjærland.[6]
- 2012: Bremanger Musikklag for musikk.
- 2013: Malakoff Rockfestival
- 2014: Kari Støfringsdal
- 2015: Hilde Bjørkum
- 2016: Ove Henning Solheim og Dans utan grenser
- 2017: Kristin Sønnerheim
- 2018: Teaterfestivalen i Fjaler [7]
- 2019: Ann Lundekvam og Bjørg Hovland[8]
Kjelder
endre- ↑ Fylkeskulturprisen - Sogn og Fjordane Fylkeskommune, arkivert frå originalen 21. mai 2014, henta 13. november 2012
- ↑ Hovudutvalet for Kultur - Medlemmar, arkivert frå originalen 3. november 2011, henta 13. november 2012
- ↑ Retningsliner for tildeling av Fylkeskulturpris for Sogn og Fjordane [daud lenkje]
- ↑ Nedre Jølster Bilelag
- ↑ Fylkeskulturprisen til Sigrid Terese Moldestad
- ↑ Fylkeskulturprisen 2011 går til Kari og Claus Kvamme[daud lenkje]
- ↑ Teaterfestival tok imot fylkeskulturprisen
- ↑ Tok imot den siste fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane