Ragnhildsholmen er ei bergkolle på den søndre stranda av Nordre älv på øya Hisingen i Göteborgs kommun i Sverige, der det i mellomalderen låg ei festning som vart bygd av den norske kongen Håkon 4. Håkonsson for å verne byen Konghelle på nordsida av elva i det som då var det norske Båhuslen.

Ruinar av festninga på Ragnhildsholmen.
Grenseområdet mellom Noreg, Sverige og Danmark fram til 1658. Byen Konghelle er markert med talet 5 og festninga på Ragnhildsholmen med talet 6.

Festninga vart bygd i fyrste halvparten av 1200-talet og lagt ned på byrjinga av 1300-talet. Deretter vart festninga herja av brann, og stein frå festninga vart truleg nytta som byggjemateriale i Båhus festning, som den norske kong Håkon 5. Magnusson byrja byggje i 1308 lengre opp i Nordre älv etter at den svenske hertug Erik Magnusson av Södermanland hadde fått makta over festninga på Ragnhildsholmen.

Festninga på Ragnhildsholmen ligg no som ein ruin. Arkeologiske granskingar og utgravingar gjekk føre seg i åra 1881-1882, og fleire ulike typar gjenstandar kom då for dagen.

Bakgrunnsstoff endre