Hisingen i Göteborg kommun i Västra Götalands län er den fjerde største øya i Sverige (etter Gotland, Öland og Orust). 3/4 tilhøyrer landskapet Bohuslän, 1/4 tilhøyrer landskapet Västergötland. I sør og aust renn Göta älv og på nordsida renn Nordre älv. I vest ligg Kattegat.

Hisingen
øy
Eriksberg på nordsida av Göta älv der bustadområde har erstatta skipsverfta.
Land  Sverige
Len Västra Götalands län
Kommune Göteborg kommun
Stad Kattegat
 - koordinatar 57°46′0″N 11°53′0″E / 57.76667°N 11.88333°E / 57.76667; 11.88333
Areal 198,84 km²
Folketal 125 000
Folketettleik 628,14 / km²
Kart
Hisingen
57°46′00″N 11°53′00″E / 57.766666666667°N 11.883333333333°E / 57.766666666667; 11.883333333333
Wikimedia Commons: Hisingen

Øya har eit areal på 199 kvadratkilometer, og utgjer vel halvparten av arealet i Göteborg kommune, og hadde i 2008 ein fjerdedel av innbyggjarane til kommunen. Med eit innbyggertal på kring 125 000 er Hisingen den mest folkerike øya i Sverige.[1]

Göteborg City Airport ligg sentralt på øya.

Historie endre

I følgje Heimskringla spelte Olav Haraldsson og svenskekongen Olof Skötkonung terning om kven som skulle ha Hisingen i samband med fredsforhandlingar mellom dei to kongane i 1020. Trass i at svenskekongen trilla seks på begge terningane, vann Olav Hisingen for Noreg då den eine terningen delte seg då han kasta dobbelt seks, og han vart tilkjent 13 poeng. På 1200-talet mista Noreg to sokn på austsida av øya til Sverige, og riksgrensa mellom Noreg og Sverige gjekk i 400 år tvers over øya til Danmark-Noreg måtte avstå Hisingen og resten av Bohuslän til Sverige ved freden i Roskilde i 1658[2].

Litteratur endre

Kjelder endre