RahXephon (ラーゼフォン Rāzefon) er ein japansk science fiction-serie om 17-åringen Ayato Kamina, ein svær, robot-liknande figur (mecha) som blir kalla RahXephon, og om folka rundt han. Ayato sitt fredelege tilvære som student og kunstnar i Tokyo blir plutseleg avbrote av ei mystisk dame som forfølgjer han, rare maskiner som invaderer byen, og endå rarare maskiner som kjempar tilbake.

RahXephon
Typeanimeserie
OriginaltittelRāzefon, ラーゼフォン
Sjangeraction, drama, kjærleik, mecha, mysterium, science fiction
OpphavslandJapan
Sesongar1
Episodar26
Lengd23 minutt
SpråkJapansk
Periode21. januar 2002
10. september 2002 (plan)
11. september 2002 (JST)
KanalFlagget til JapanFuji TV/FNS, Bandai Channel, Sun, KBS, TVN, BBC, WTV
Flagget til CanadaDet amerikanske flaggetAnime Network
Det amerikanske flaggetG4 TV
Flagget til FrankrikeMal:Landdata SwitzerlandFlagget til BelgiaFlagget til LuxembourgGame One,Mangas
Flagget til SpaniaCuatro,Buzz
Flagget til PortugalSIC Radical
Mal:Landdata Republic of ChinaAnimax

Den opphavlege animeserien blei send på Fuji TV i Japan frå januar til september 2002. Han blei skapt og leia av Yutaka Izubuchi og laga av studioet Bones. Serien vart prisløna og fekk gode kritikkar; han blei deretter omsett, kom ut på DVD og blei send på TV i fleire land. Ein film med ei noko omskrive handling og nokre nye scener blei først vist i 2003. Romanar, ein ekstra OVA-episode, eit høyrespel, videospel, illustrasjonsbøker og ein omdanna manga (japansk teikneserieblad) laga av Takeaki Momose kom også ut.

Musikk, tid, mysterium, intrigar og romantikk er viktige element i historia. Serien er påverka av filosofi, japansk folkedikting og vestleg litteratur som skriveria til James Churchward, men òg meir berømte forfattarar. Mesoamerikanske og andre førkolumbiske sivilisasjonar har heidersplassen i serien sin kulturelle bakgrunn.

Izubuchi sa at han med RahXephon røynde å settje ein ny standard for mecha-anime, og å vekkje opp at dei gode sidene åt mecha-anime frå 1970-talet, slik som Brave Raideen. Prestasjonen blei i det store og det heile godt motteken av kritikarane. Serien vann ein pris i Japan. Somme av dei vestlege kritikarane sine fråsegner stod på eigne bein, men mange andre tok opp spørsmålet om RahXephon var lik andre mecha-seriar som Brain Powerd, Megazone 23 og Neon Genesis Evangelion, og om RahXephon var betre enn dei.

Bakgrunnsstoff endre

  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: RahXephon