Rainerhorn er eit 3 359 meter over havet høgt fjell i Venediger-massivet i Hohe Tauern i Alpane, i Salzburg i Austerrike. Fjelltoppen er den nest høgste i massivet, og den mest augekjende toppen i breområdet Hohes Gletscherdach.

Rainerhorn
fjell
RainerhornFormS.jpg
Rainerhorn, sett frå sør
Land Flag of Austria.svg Austerrike
Fjellkjede Hohe Tauern
Høgd 3 559 moh.
Primærfaktor 153 m
Førstestiging 1859
Koordinatar 47°1′38″N 12°12′16″EKoordinatar: 47°1′38″N 12°12′16″E
Wikimedia Commons: Rainerhorn

Rainerhorn vart vitja fyrste gongen den 10. august 1859 av dei austerrikske kartografane Franz Keil og Ignaz Wagl, som gav fjellet namn etter erkehertugen Rainer av Austerrike. Dei to vart leidde til topps av fjellførarane Bartlmä Steiner og Balthasar Ploner. Rudolf Spannangel og fjellførarane J. Unterwurzacher og J. Ensmann vart i 1892 dei fyrste som tok turen til topps om vinteren.

Rainerhorn er enkel å nå frå fjellhuset Defreggerhaus og eit ynda utsiktspunkt.

KjelderEndra