For svabergområdet i Brunlanes, sjå Rakke i Larvik.
Fjørefaret som Hans Strøm teikna i 1762 har klaverakke.

Ein rakke vert brukt på råseglsfarty til å halde råa inn til masta. Rakken må tillate at råa kan dreie når seglet skal brasast.

Rakke på båtEndra

KlaverakkeEndra

Den enklaste forma for rakke er klaverakken. Han er gjerne laga av krokvaksen einer eller fururot. Den eine enden er festa godt til råa. Gjerne med ei spleisa lykke. Den krokete delen vert lagd kring mastra som ein klave. Og så vert den andre enden knytt godt til råa. Midt på kroken er rakketrossa festa. Ho vert brukt til å drage i når seglet må ned. For at han ikkje skal bite seg fast til masta vert rakken godt smurd med sauetalg. Både på Vestlandet og Færøyane har ein funne døme på at klaverakken vart laga av vêrhorn.

Osebergskipet hadde klaverakke. Likeeins vert ein ring kring masta på skip som er avbilda på Bayeuxteppet tolka som klaverakkar. I Søndmørs Beskrivelse frå 1762 har Hans Strøm teikna eit fjørefar med klaverakke.

 
Belterakke.

KulerakkeEndra

I ein kulerakke rullar kuler eller ringar langs masta og gir mindre friksjon. På ein enkel kulerakke, eller enkel tolerakke er det ei rad med kuler eller ringar. Desse vert og kalla toler. Dei er tredde på eit tau. Liksom på klaverakken er ein enden fast på råa. Den andre enden vert festa til råa etter at han er lagd rundt mastra. Om rakken er samansett av to kulerekker vert han kalla dobbel kulerakke eller belterakke. Mellom kulerekkene går det trespiler, slirer. Kulerakken avløyste klaverakken. Sunnmørsjekta som Hans Strøm teikna i 1762 har enkel kulerakke. På større fiskebåtar var han teken i bruk i 1840-50 åra.

Rakke på skipEndra

Skværrigga skip med mange rær har rakke på kvar rå. Dei kan ha mange utformingar og praktiske løysingar.

Glidande rakkeEndra

Etter som seglflata på seglskip vart større, vart ein del av segla svært uhandterlege. Kring 1850 vart mers- og bramsegl delte slik at ein fekk øvre og nedre merssegl, og øvre og nedre bramsegl. Dei øvre segla vart heiste og fira, og måtte ha rakkar som kunne gli på mastra.

Rakke med treklampEndra

Desse rakkane har ein treklamp som ligg rundt ein bøyle som ligg rundt masta. Denne rakkeklampen som er bolta og spikra til råa, gjer at råa kjem nær inn til stanga ho skal heisast på. Ein slepp og svanehalsen, den tynne overgangen ein ofte finn mellom rakke og beslaget på råa. Bøylen kring masta vil lett gnage og skamfile henne. Han vert difor kledd med lêr, som vert godt feitta.

TønnerakkeEndra

Tønnerakken er ein fleire tommar brei jarnring rundt mastra. Han er merkbart breiare enn bøylen på rakke med treklamp. Han vert og brukt på større rær. Råa er festa til rakken med ein svanehals. Tønnerakkar vert ofte fora for å redusere slitasjen på mastra. Vert dei brukte på tremaster, kan foringa innvendig vere av tre eller godt smurt lêr.

SlederakkeEndra

Den glidande overmersrakken på større skip, der mersestanga er laga av stålplater, er gjerne ein slederakke. På forkant av stanga er fastnagla ei jarnskinne. På denne skinna går ein slede. Svanehalsen er fest til denne rakkesleden. Overkanten av ringbeslaget rundt råa er fest til andre enden av svanehalsen. Mersefallet er festa til råringen og/eller sleden.

Fast rakkeEndra

Ein fast rakke er oftast ein fast ring rundt masta. Ein svanehals bind saman rakken og råa. Svanehalsen har eit ledd så råa kan dreie når ho vert brasa. Eit sterkt stag går frå råa til masta over rakken. Dette staget ber tyngda av råa slik at påkjenninga på svanehalsen blir mindre. Dette staget vert kalla borg eller hangar.

 
Moderne kulerakke som held gaffelen på plass på mastra.

Rakke på gaffelriggEndra

I overkant av gaffelseglet er ein gaffel med klo innpå masta. Denne gaffelen glir på masta når seglet vert heist. Han vert stundom festa til masta med ein rakke så han skal halde seg på plass.

KjeldeEndra

  • Øystein Færøyvik: Vestlandsbåtar
  • Jens Kusk Jensen:Haandbog i praktisk sømandsskab.1924,1982.
  • Svein Molaug: Vår gamle kystkultur Bind 1 Dreyers Forlag AS 1985