Raksja bandhan er ei markering av det vernande bandet mellom bror og søster utført av hinduar. Ho fell ved fullmåne i månaden sjravana i hinduåret.

Rakhi rundt eit handledd.
Tre døme på rakhi-trådar.

Utøving

endre
 
Delstatsministeren for Gujarat, Anandiben Patel, bind rakhi om handleddet til den indiske statsministeren Narendra Modi.
 
Jente utfører eit rituale for bror sin udner raksja bandhan.
 
Jente bind rakhitråd om handleddet til mor si. Ho har også ei skål med utstyr til å utføra eit hindurituale.
Foto: Manoj Vishvakarma

Dagen blir markert ved at jenter bind ein rakhi, eit armband laga av ein pynta tråd, rundt handleddet til brør eller gutar dei reknar som brør. Bandet blir rekna som ei signing og eit vern, og i samband med knytinga kan jenta utføra eit rituale og seia eit mantra. Til gjengjeld lover broren å verna henne, og gjev gjerne også ei gåve. Rakhien kan vera ein enkel tråd med litt pynt, eller ein silketråd pynta med gull eller sølv. Gjengåva kan vera ein symbolsk pengesum, klede eller smykke.

Høgtida har også utvikla seg til å omfatta fleire tilhøve enn dei mellom bror og søster. Dei blir til dømes knytte rundt handledda til indiske soldatar og politikarar.

Bakgrunn

endre

Det finst fleire bakgrunnssoger for høgtida. Heilage trådar som armband går att i hinduisk mytologi og utøving. I historisk tid er Rani Karnavati, dronningmora i Mewar, kjend for å ha sendt ein rakhi til stormogulen Humajun då ho kjende seg truga av Bahadur Sjah av Gujarat. Humajun avbraut då eit felttog og kom for å hjelpa.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Raksja bandhan