Ramblin' Rose
Song av Nat King Cole
Utgjeve 1962
Lengd 2:45
Selskap Capitol Records
Låtskrivar(ar) Noel Sherman og Joe Sherman
Produsent Lee Gillette

«Ramblin' Rose» er ein song frå 1962, skriven av brørne Noel Sherman og Joe Sherman og spelt inn av Nat King Cole.[1]

Originalen endre

Innspelinga til Cole vart gjeven ut på Capitol Records. Ho nådde andreplassen på både Billboard- og Cash Box-lista, og selde over ein million eksemplar. I 1962 låg songen fem veker på toppen av Billboard Easy Listening-lista og den australske singellista, medan han på R&B-lista nådde sjuandeplassen.[2] Han vart gjeven ut som singel frå albumet med same namn, som òg selde over ein milion. Songen vart nominert til Grammyprisen for årets singel.

Andre versjonar endre

Songen er blitt spelt av mange andre artistar, særleg countryartistar. Sonny James spelte inn songen i juli 1968 og gav han ut fem år seinare på albumet The Gentleman from the South i 1973.[3]Johnny Lee sin versjon nådde 37. plassen på Billboard country-lista i 1977.[4] Året etter fekk Hank Snow sin versjon ein 93. plass på lista.[5] I 1978 gav Johnny Rodriguez ut ein versjon av songen på albumet Love Me with All Your Heart.[6]

Petula Clark gav ut ein fransk versjon i 1962, kalla «Les Beaux Jours». Versjonen hennar nådde tiandeplassen på den franske singellista i 1963.[7]

Andre innspelingar av songen vart gjort av Charley Pride 1962, Roy Rogers 1962, Billy Vaughn, Louis Armstrong, Bobby Vinton, Engelbert Humperdinck, Paul Anka, Floyd Cramer, Chuck Berry 1967, George Benson, The Mills Brothers, Dean Martin 1973, Marvin Gaye 1976 og Slim Whitman.

Det finst ein annan song kalla «Ramblin' Rose». Denne vart spelt inn av Jerry Lee Lewis og MC5 i 1960-åra.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre