Randi Monsen

norsk illustratør

Randi Monsen (18. februar 191024. august 1997) var ein norsk teiknar og illustratør. Ho var særleg kjent som teiknar i Arbeiderbladet.

Randi Monsen
Randi Monsen IKL.jpg
Fødd 18. februar 1910
Hamar
Død

24. august 1997 (87 år)

Yrke illustratør
Far Fredrik Monsen
Ektefelle Kjeld Rasmussen

Randi Monsen var fødd på Hamar som dotter av arbeidarpartipolitikaren og stortingspresidenten Fredrik Monsen (1874-1954) og læraren Aasta Ingerø Hansen. Pressemannen Per Monsen (1913-1985) var bror hennar.[1]

Monsen gjekk på Statens håndverks- og kunstindustriskole og Statens Kunstakademi i periodane 1934–1935 og 1940–1944 som elev av Per Krohg og Thorbjørn Lie-Jørgensen. Frå 1945 til 1980-talet var ho knytt til Arbeiderbladet i Oslo, der ho særleg bidrog med portrett- og teaterteikningar. Ho har elles illustrert fleire bøker og laga ei rekkje karikaturportrett.

Ho gifta seg med bilethoggaren Kjeld Arthur Midleton Rasmussen i 1949. Ekteskapet deira blei seinare oppløyst.[1]

Illustrerte bøkerEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Falahat, Ann (29. september 2014). «Randi Monsen». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 

BakgrunnsroffEndra