Rankous eller Rankus (arabisk رنكوس) er ein landsby i Syria og feriestad om sommaren i provinsen Damaskus (Rif Dimashq) i Anti-Libanonfjella, 45 km from Damaskus, i ei høgd mellom 1650 og 2150 meter over havet. Klimaet i landsbyen er kjølig om sommaren og kaldt om vinteren. I løpet av eit år kjem det vanlegvis mellom 350 og 650 mm regn og snø. Fjella kring landsbyen er dekte med snø om vinteren. Folketalet er 19 900 innbyggjarar.

Rankous
رنكوس, Rankus
landsby
Land  Syria
Guvernement Rif Dimashq guvernement
Distrikt Al-Tall-distriktet
Nahiyah Al-Tall
Koordinatar 33°45′25″N 36°23′21″E / 33.75694°N 36.38917°E / 33.75694; 36.38917
Areal 22,277 km²
Folketal 19 900
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Rankus
33°45′25″N 36°23′21″E / 33.756957°N 36.389036°E / 33.756957; 36.389036

Landsbyen er kjend for dyrking av frukttre: eple, pære, kirsebær, mandlar og aprikos. I tillegg vert dyrka poteter, erter og mange andre typar grønsaker.

Det ligg historiske monument i nærleiken av Rankous med grotter, gamle gravplassar og kammer og gravering i stein.

Byen vart hardt skadd under kampar mellom regjeringsstyrkane og opprørarane under den syriske borgarkrigen.[1]

Folk frå Rankous endre

Kjelder endre