Ranværing
Ranværing(smål) eller Nord-helgelandsk er dei tradisjonelle nordnorske målføra på indre Nord-Helgeland, i området kring Ranfjorden og i dalstroka innanfor. Dialekten har både nordnorske og austnorske målmerke. Mange av særdraga er likevel svekka, spesielt omkring Mo i Rana, der var ei stor innflytting dei første tiåra etter andre verdskrigen
Ranværingsmålet i høve til nasjonale målmerkeEndra
Dialekten framstår tydeleg som ein nordnorsk dialekt, med
- Høgtone – riktignok ikkje like utprega som lenger nord
- Apokope, bortfall av mange trykklette stavingar
- Fleirtal av Inkjekjønnsord har endinga –an: husan, eplan
- Palatalisering av n, l, t og d i visse samanhengar.
Sjølv om nordnorske målføre oftast vert rekna blant vestnorske målføre, har ranværingsmålet i sterkare grad enn nokon annan nordnorsk dialekt somme austnorske målmerke:
- tjukk L både av -rð- og av -l- i mange samanhengar: stol rimar på bord.
- Spor av jamvekt både i sterke hankjønnsord og i infinitiv.
Ranværingsmålet i høve til andre nordnorske dialektarEndra
Dialektane sør for Rana skil mellom sterke og svake hokjønnsord. I Rana endar hokjønnsorda på –a (eller –ä) både i ubunden og bunden form. Ranværing har tjukk L for opphavleg rð; denne forma finn vi ikkje i saltværing.
Utbreiing av ranværingsmålEndra
Ranværing vert bruka i gamle Rana (eller Mo) prestegjeld, det vil seie i Rana og Hemnes kommunar og i Elsfjord sokn i Vefsn kommune. Sør i Beiarn kan også dialekta bli klassifisert som Ranværing, sidan mange av gardane her vart rydda av folk frå andre sida av Saltfjellet.
Språkbruken varierer mykje frå Mo i Rana og tettstadene rundt byen til bygdene inne i landet. Den store innflyttinga ved etableringa av Norsk Jernverk gjorde at mange dialektar vart blanda, og trekk som særpregar ranværingsmålet fall bort.
VerbbøyingEndra
I tradisjonell ranværing finn vi spor av kløyvd infinitiv. Infinitivar med lang rotstaving i gammalnorsk - (som bíta eller høyra) eller kort vokal pluss lang konsonant (som i finna) – har fått trykket samla på den lange rotstavinga. I ranværingsmålet har det ført til at infinitivsendinga fell bort ved apokope (å kast). Eit unntak er verb der stammen ender på J – i dei vert invinitvsendinga svekka til ein –e: (å tenkje, å hesje').
Infinitivar med stutt rotstaving i (å veta) - fekk jamvekt mellom rotstavinga og endringa, slik at vokalen ikkje vart redusert, men heldt seg som ein a (å veta). Derfor seier ranværingane ofte å moka, å prata, å raga, å vea (å vade). Denne infinitivsforma er oftare bruka i svake enn i sterke verb.
I sterke verb ser ein ofte eit sammanfall mellom formene i infinitiv og presens – å fer (av å fara), å søv (av å sova). Elles vert sterke verb jamnt over bøygde som i standard nynorsk, utan ending i presens og med e-ending i supinum. I supinum vil vi likevel finne avvikande former som lie for 'lege' og føre for 'fare'.
I svake verb fell r bort i presens i a.verb: kasta for 'kastar' . I e-verb fell ofte heile presensendinga bort - lys for 'lyser'.
SubstantivbøyingEndra
Mønsteret er
- ein hæst– ¹hæst’n – ²hæsta – ²hæstan
- ein ²beta – ²bet’n – ²beta – ²betan
- ein ²låve - ²låven - ²låva - ²låvan
ein lærar – lærarn – lærera – læreran
- ei bygd – ¹bygda – ²bygde – ²bygden
- ei ¹visa – ²visa – ²vise – ²visen
- ei bok – boka – bøker – bøkern
- eit hus – ¹huse – hus – ¹husan
- eit ²eple – ²eple – ²eple – ²eplan
DativEndra
Blant eldre folk finst enno dativ i levande bruk, mest på kysten, og oftast i faste uttrykk:
- Han ligg i ¹båtæ, han stod på ²bakko (sjeldan og forelda), huset stod i ¹vikjen, han låg på ²hyllen, han var på ²fjellæ. Dativ vert ved slike høve styrt av preposisjonen. Ettr preposisjonane på og i vert dativ berre bruka ved påstadnemning: Han går (ombord) i båten, men han ligg i båtæ. Han fór på ¹fjelle, men var i ²fjellæ.
I gammal tid har òg dativ fleirtal vore bruka:
- i holmo (i holmane, holmom), for tenaro (for tenarane, tenarom)
Sermerkte ordEndra
Somme substantiv har avvikande genus i helgelandsmål:
- ein nebb (sjeldan), ein fjøs, ei lae, ei famn, eit kai.
Orda helg, ferd, elg, elv vert tradisjonelt uttala ha£g, fa£, a£g, å£v.
OrdtilfangEndra
Tradisjonelt ranværingsmål har mange særmerkte ord. Mange av dei vil vi finne i andre norske dialketar, andre er tatt opp frå samisk eller svensk.
Ein gut er på ranværing ein kørv.
Personlege pronomenEndra
1.person eintal | 1.person fleirtal | 2.person eintal | 2.person fleirtal | |
Nominativ | eg | vi | du | dåkk |
Akkusativ, dativ | meg | åss | deg | dåkk |
Eigeform | min/mi/mett | våres | din/di/dett | dåkkers |
kasus | 3.person hankjøn | 3.person hokjøn | 3.person inkjekjøn | 3.person fleirtal |
Nominativ | han | ho | de | di |
Eigeform | hans | hinners | deres |
SpørjeordEndra
- ke (kva)
- kem (kven)
- ker (kor)
- kefør (kvifor)
- keless’n (korleis)
KjelderEndra
- Hallfrid Christensen i Axel Coldevin: Rana bygdebok bind 1 (1964)