Opna hovudmenyen

Ranveig Frøiland

norsk politikar

Ranveig Hjørdis Frøiland (fødd 15. september 1945) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet frå Sund i Hordaland. Frå desember 1996 til regjeringa gjekk av i oktober 1997 var ho olje- og energiminister i Regjeringa Jagland. Ho var stortingsrepresentant for Hordaland fylke i tidsrommet 1985 til 2005.

Ranveig Frøiland
Fødd15. september 1945
Sund
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Frøiland arbeidde som kontorist i eit par tiår før ho i 1985 vart ho vald inn på Stortinget hausten 1985. Ho var elles varaordførar i Fjell kommune 1983-85. I sin fyrste periode på Stortinget var ho medlem av sjøfarts- og fiskerikomiteen, deretter var ho medlem av kyrkje- og undervisningskomiteen i vel eitt år, 1989-90. Frå november 1990 var ho med i energi- og industrikomiteen, som nestleiar frå 1993 til 18. desember 1996. Frøiland vart då utnemnd til ståtsråd og sjef for Olje- og energidepartementet. Frå hausten 1997 til mars 2000 var ho medlem av finanskomiteen, deretter leia ho kyrkje-, forsknings- og utdanningskomiteen til nytt storting vart vald i 2001. Ho hamna så på ny i finanskomiteen i sin siste peroiode opå Stortinget.

Frøiland var ein av riksrevisorane i perioden 2006-09. Ho har også vore styreleiar i Helse Bergen.

KjelderEndra