Rasmus Ingebrigtsson på Myklebust

Rasmus Ingebrigtsson på Myklebust, kalla Store-Rasmus (fødd ca. 1595 på Li i Ørskog, død ca. 1666), var ein «bondeopprørar» i Møre og Romsdal. Han var leiglending på garden Myklebust på Harøya (i noverande Ålesund kommune).

Rasmus heldt rekneskap med futar som tok for mykje skatt og klaga dei inn for Kongen. Etter fleire runder i retten, kor søksmåla gjekk både vegar, blei han 24. august 1661 dømd til livsvarig straffarbeid på Akershus slott for ulovlege allmugemøte, grunnlause klagemål og forakt for retten.

Sonen hans, «Unge-Rasmus», som hadde hjelpt faren i rettsprosessen, fekk etter søknad lov til å halda på garden Myklebust. Fleire av dei mange tusen etterkomarane hans er omtalte i Slekter fra Romsdalskysten (1979) av Anna S. Julnes.

Kjelder

endre