Rastorgujevøya eller Rastorgujevaøya (russisk Остров Расторгуева, Ostrov Rastorgujeva), er ei øy i Karahavet nordaust for Sjturmanovhalvøya i eit område med mange skjer sør for Nordenskiöldøyane i Russland. Samanlikna med ander store øyar i området har ho ei forholdsvis jamn form. Ho er 21 km lang og 6,5 km på det breiaste. Ho er dekt av tundravegetasjon om sommaren, men det meste av året ligg ho under eit snødekke.

Rastorgujevøya
øy
Land  Russland
Del av Kamennyjeøyane
Folketal 0
Kart
Rastorgujevøya
74°00′N 84°09′E / 74°N 84.15°E / 74; 84.15
Plasseringa til Rastorgujev i Karahavet.

Øya ligg 40 km frå vestenden av Tajmyrbukta og berre 14 km sørasut for Tajmyrøya. Mellom øya og fastlandet er sundet berre ein kilometer på det smalaste.

Klimaet i området er hardt med lange, bitre vintrar og mange snøstormar. Havet omkring Rastorgujevøya er fylt med pakkis om vintere og det er mykje isflak sjølv om sommaren. Det meste av året er ho derfor landfast med fastlandet.

Rastorgujevøya høyrer til Krasnojarsk kraj og er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, som er det største naturreservatet i Russland og Europa.

Historie endre

Heile området rundt Rastorgujevøya vart utforska av den russiske geologen Baron Eduard von Toll på den siste ekspedisjonen hans. Øya vart namngjeve av han etter Stepan Innokentjevitsj Rastorgujev, ein kosakkisk offiser som var med på ekspedisjonen.

Toll sende Rastorgujev i lag med kapteinen på skipet hans «Zarja», N. N. Kolomejtsev på ein lang sledetur for å opprette koldepot for «Zarja» på Kotelnyjøya og Dikson, i tillegg til å føre post frå ekspedisjonen til Dudinka. Dette hjelpte på det dårlege forholdet mellom Baron Toll og Kaptein Kolomejtsev.

I 1937 vart ei anna øy, Koltsjakøya i Kamennyjeøyane lenger vest langs kysten av Tajmyrhalvøya kalla opp etter Stepan Rastorgujev. Så i eit par tiår var det to Rastorgujevaøyar i Karahavet. 23. august 2005 vart dei tidlegare namna gjeninnsett for å lette på forvirringa.

Kjelder endre

Sjå òg endre

76°07′N 97°01′E / 76.117°N 97.017°E / 76.117; 97.017