Nordenskiöldøyane

Nordenskiöldøyane eller Nordenskjoldøyane (russisk Архипелаг Норденшельда, Arkhipelag Nordensjelda) er ei stor øygruppe aust i Karahavet i Krasnojarsk kraj i Russland. Dei austlegaste øyane ligg 120 km vest for Tajmyrhalvøya.

Nordenskiöldøyane
øy
Land  Russland
Kart
Nordenskiöldøyane
76°45′N 96°00′E / 76.75°N 96°E / 76.75; 96
Wikimedia Commons: Nordenskiöld Archipelago
Plasseringa til Nordenskiöldøyane i Karahavet
Nordenskiöldøyane inkluderer nokre av øyane rett utanfor Sibir.

Det er om lag 90, kalde, forblåste og aude øyar i denne øygruppa. Dei består hovudsakleg av magmatiske bergatartar og er dekte av tundravegetasjon. Det er ingen permanente busetnader på nokon av dei.

Nordenskiöldøyane har vorte delte i fleire mindre grupper av geografiske årsaker. Dei største gruppene frå nord til sør er:

Nordenskiöldyøane strekkjer seg nesten 100 km frå vest til aust langs Karahavet utanfor kysten av Sibir, der ein finn store kystøyar som Tajmyrøya og Nansenøya.

Klimaet på Nordenskiöldøyane er arktisk og hardt. Havet omkring dei mange øyane er isdekt om vinteren og sjølv stengd av pakkis om sommaren, som berre varer to månader av året.

Øyane er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.

Historie endre

Øygruppa er kalla opp etter polfararen Adolf Erik Nordenskiöld av den norske polfararen Fridtjof Nansen og nedteikna på dei første nøyaktige karta av havområda nord for Sibir.

I 1893 då Fridtjof Nansen og Framekspedisjonen var nær Nordenskjoldøyane hamna dei i daudvatn. Dette merkelege fenomenet oppstår vanlegvis i ein fjord når isbrear smeltar og dannar eit grunt lag med ferskvatn over saltvatn. Dette er korleis Nansen skildra fenomenet:

Mot slutten av august 1893, då «Fram» låg utanfor Tajmyrhalvøya, nær Nordenskiöldøyane møtte vi «daudvatn». Dette er eit merkeleg fenomen som oppstår når ein har ferskvatn på overflata over saltvatn. Fenomenet kjem til syne ved å danne større eller mindre bølgjer på tvers av kjølvatnet av båten, den eine bak den andre, og dei strekkjer seg stundom så langt fram som midtskips. Når «Fram» hamna i daudvatn er det som om ei mystisk kraft held ho tilbake og ho lystrar ikkje alltid roret. I stille vêr med lett last klarte «Fram» 6-7 knops fart. I daudvatn klarte ho ikkje ein gong 1,5 knop. Vi gjorde store svingar langs ruta vår, stundom svinga me heilt rundt, for å prøve å gå klar av det, men til særs lita nytte.

I 1900 vart øyane i Nordenskiöldøyane utforska og kartlagd av kaptein Fjodor Andrejevitsj Matisen under den russiske polekspedisjonen 1900 – 1903. Denne ekspedisjonen vart leia av Baron Eduard Von Toll på vegne av Det russiske vitskapsakademiet om bord på skipet «Zarja». Toll sendte Matisen for å kartlegge øygruppa tidleg på våren medan Zarja overvintra nær Tajmyrøya. Dei fleste øyane i øygruppa vart kartlagd og namngjeve under denne ekspedisjonen. Matisen kryssa det isdekte havet med hundeslede to gonger. Han delte øygruppa i dei fire eller fem hovudgruppene nemnd over og namngav meir enn førti øyar.

Som Nansen observerte Eduard Tol at det var vanskeleg å segle gjennom øygruppa på grunn av isen.[1]

Etter den russiske revolusjonen vart øygruppa utforska i 1930-åra av ein sovjetisk ekspedisjon på isbrytaren «Sedov».

I 1937 organiserte Det arktiske og antarktiske forskingsinstituttet i Sovjetunionen ein ekspedisjon på skipet «Toros». Målet med denne ekspedisjonen var å utforske Nordenskiöldøyane og gjennomgå Nordaustpassasjen i Karahavet. «Toros» overvintra i Ledjanajabukta på Boneviøya vest for Tajmnyrøya og segla tilbake til Arkhangelsk om sommaren etter å ha utforska mange av øyane i Karahavet.

25. august 1942 under Operasjon Wunderland møtte kryssaren «Admiral Scheer» frå den tyske Kriegsmarine den russiske isbrytaren «Sibirjakov» (under kaptein Katsjarev) like nordvest for Russkijøya og heilt nord i Nordenskiöldøyane. Etter å ha stått imot i lengre tid vart Sibirjakov skote i senk i det ujamne slaget. «Admiral Scheer» segla så sørvestover for å gå til åtak på sovjetiske militærinstallasjonar i Dikson.

Kjelder endre

  1. William Barr, Baron Eduard Von Toll's Last Expedition., ARCTIC Sept 1980

76°35′N 96°40′E / 76.583°N 96.667°E / 76.583; 96.667