Ratina Stadion er eit flerbruksstadion i Tammerfors i Finland med ein tilskodarkapasitet på 17 000. Når det blir arrangert konsertar kan kapasiteten aukast til 30 000 tilskodarar. Ratina Stadion vart bygd i 1965 og renovert i 2004.

Ratina Stadion

Adresse Tammerfors
Drift Tammerfors by
Underlag Naturgress
Kapasitet 17 000
Historiske årstal
Påbegynt
1965
Opna
Stengd

Artistar og grupper som Iron Maiden og Toto har hatt konsert på Ratina Stadion, og i juni 2009 heldt Bruce Springsteen og bandet hans The E-Street Band konsert som ein del av Working on a Dream-turnéen.

Stadionet blir for det meste brukt til fotball og er heimebanen til Tampere United. Banen har òg vorte brukt av landslaget til Finland.

Arrangement endre

Det har vorte halde to verdsmeisterskapar på skøyter her før den andre verdskrigen.

  • Allround-VM på skøyter 1927, menn (kan ha vore arrangert rett på andre sida av næraste elv ved Pyhäjärvenkatu.)
  • Allround-VM på skøyter 1939, kvinner og fleire finske meisterskapar i hurtigløp på skøyter her.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Fotball
Skøyter
  • Profil på ((en)) www.SpeedSkatingStats.com og på ((nl)) www.SchaatsStatistieken.nl (Søster-nettstader)
  • «Ratina» (på engelsk). Skateresults.com. Arkivert frå originalen 1. september 2009. Henta 29. oktober 2013. 
  • «Ratina» (på engelsk). Skateresults.com. Arkivert frå originalen 19. juni 2007. Henta 29. oktober 2013. 
  • «Tampere R - Ratina» (på engelsk). www.Skatebase.com. Arkivert frå originalen 19. september 2004. Henta 29. oktober 2013.