Rattray Head (tidlegare Rattray Point) er eit nes i Buchan i Aberdeenshire, på nordaustkysten av Skottland. Lenger nord ligg Strathbeg Bay og i sør Rattray Bay. Sanddynene ved stranda på Rattray Head kan verte opp til 25 meter høge og strekkje seg 25 km frå St Combs til Peterhead.[1][2]

Rattray Head
nes
Land  Storbritannia
Kart
Rattray Head
57°36′43″N 1°49′27″W / 57.6119°N 1.82425°W / 57.6119; -1.82425
Wikimedia Commons: Rattray and Rattray Head
Utsyn sørover over sanddynene ved Rattray Head

Rattray Head fyr endre

Det 36,5 meter høge[1][2] Rattray Head fyr vart bygd i 1895.[3][4] Det vart bygd av ingeniørane og brørne David Alan Stevenson og Charles Alexander Stevenson. I februar 1982 vart fyret avfolka og heilt automatisert.[1][2]

Ein kan nå fyret via ei vegfylling, som er under vatn det meste av tida og berre synleg ved fjøre sjøre. Vegfyllinga er brei nok til at ein kan køyre med bil over.

Det ligg restar av fleire forliste skip på stranda i dag.[1][2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Rattray Head Travel Guide». World 66. Henta 22. januar 2010. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Stanley Bruce (2005). The Bard O' Buchan Vol 1' (på engelsk). Bard Books. ISBN 0-9547960-2-0. 
  3. The lighthouse, arkivert frå originalen 2. november 2006, henta 22. januar 2010 
  4. Rattray Head fyr

Bakgrunnsstoff endre

57°36′43″N 1°49′27″W / 57.61187°N 1.82425°W / 57.61187; -1.82425