Rava-Ruska (ukrainsk Рава-Руська; russisk Рава-Русская, Rava-Russkaja; polsk Rawa Ruska) er ein by i Lviv oblast vest i Ukraina.

Rava-Ruska
ukrainsk Рава-Руська
by
Rådhuset i Rava-Ruska
våpen
Land  Ukraina
Oblast Lviv oblast
Koordinatar 50°13′30″N 23°37′27″E / 50.22500°N 23.62417°E / 50.22500; 23.62417
Areal 8,5 km²
Folketal 8 328  (2011[1])
Folketettleik 980 / km²
Grunnlagd 1455
 •  Magdeburgrettar 1622
 •  Bystatus 1939
Postnummer 80316—317
Retningsnummer 252
Kart
Rava-Ruska
50°15′00″N 23°37′00″E / 50.25°N 23.616666666667°E / 50.25; 23.616666666667
Wikimedia Commons: Rava-Ruska

Han ligg nær grensa til Polen, ovanfor byen Hrebenne. Han ligg i Zjovkivskij rajon (distrikt) nær 50°15′0″N 23°37′0″E / 50.25000°N 23.61667°E / 50.25000; 23.61667. Byen har kring 8 000 innbyggjarar.

Byen vart først nemnd i historiske kjelder frå 1455. Han var ein del av Kongedømet Polen og så Det polsk-litauiske samveldet. I 1698 var han åstad for eit møte mellom Peter den store og August den sterke, som førte til Preobrazjenskoje-traktaten. I åra 1772-1918 var han ein del av Det austerrikske riket (Austerrike-Ungarn frå 1867). Mellom 1918 og 1939 var han eigjen ein del av Polen. Sidan 1945 har han høyrt til Sovjetunionen og etter 1991 til det sjølvstendige Ukraina.

Kjelder

endre