Rawalpindi, lokalt ofte kalla Pindi, er den fjerde største byen i Pakistan og ligg nær hovudstaden Islamabad i Majha-regionen i Punjab. Byen var sjølv hovudstad på 1960-talet, under bygginga av Islamabad, og er framleis hovudkvarter for den pakistanske hæren.

Rawalpindi
urdu راولپنڈی
Styresmakter
Land
Pakistan
Grunnlagd 1493
Geografi
Flatevidd 5 286 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
 - Storbyområde

1,7 mill.
3,0 mill.
Koordinatar 33°36′0″N 73°02′0″E / 33.60000°N 73.03333°E / 33.60000; 73.03333
Høgd over havet 508 m
Tidssone Pakistantid (UTC)
Diverse anna
Telefon-retningsnummer 051
Heimeside: http://www.rawalpindi.gov.pk/

Rawalpindi er eit viktig sentrum for handel, transport og industri. Han ligg 14 km sørvest for Islamabad. Den mangearta industrien omfattar mellom anna petroleumsraffineri, mekanisk industri, tekstilindustri og næringsmiddelproduksjon.

Soge endre

Området har vore folkesett i fleire tusen år. Ein by som var blitt øydelagd av heftalittane blei gjeven av Mahmud av Ghazni (979-1030) til ghakarhøvdingen Kai Gohar, men utviklinga blei hindra av stadige invasjonar. Byen blei gjenoppbygd og gjeve namnet Rawalpindi av gakharhøvdingen Jhanda Khan i 1493, etter landsbyen Rawal. Sikhar leidd av Sardar Milka Singh erobra området i 1765, og oppfordra folk frå nabobyane Jhelum og Shahpur til å slå seg ned her. Tidleg på 1800-talet var byen tilfluktsstad for Shah Shuja av Afghanistan og broren Shah Zaman. Byen blei teken av sikh-maharajaen Ranjit Singh i 1818. I 1849 var det her sikhane gav opp siste motstand mot britane etter slaget ved Gujrat.

Mellom 1959 og 1966 erstatta Rawalpindi Karachi som hovudstad i Pakistan. Han var midlertidig hovudstad medan ein bygde den nye byen Islamabad.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Rawalpindi
  Denne geografiartikkelen som har med Pakistan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.