Islamabad (urdu اسلام آباد, 'islam-byen' eller 'fredsbyen') er hovudstaden i Pakistan, oppretta i 1961. Han ligg i hovudstatsterritoriet Islamabad ved foten av Margalafjella, nær Rawalpindi. Sør for byen ligg ei slette som elva Kaurang skjer gjennom.

Islamabad
urdu اسلام آباد
Horisonten til Islamabad
Horisonten til Islamabad
Styresmakter
Land
Pakistan
Grunnlagd 1961
Geografi
Flatevidd 906 km²
Flatevidd
 - By

906 km²
Innbyggjarar
 - By (1998)
 - Byområde
 - Storbyområde

805 000
524 500
799 000
Koordinatar 33°40′″N 73°10′″EKoordinatar: 33°40′″N 73°10′″E
Høgd over havet 490 m
Tidssone UTC+05:00, UTC+06:00, Pakistantid (UTC)
Diverse anna
Telefon-retningsnummer 051
Heimeside: http://www.islamabad.gov.pk

Historie endre

Opphavleg låg den pakistanske hovudstaden i hamnebyen Karachi i Sindh, men i 1958 bestemte presidenten i Pakistan, Ayub Khan, at han skulle flyttast. Ein komité valde ein stad 14 km nordaust for Rawalpindi i Punjab. Bygginga av byen tok til i 1961 og dei første folka flytta dit to år seinare.

Gatenettet i Islamabad blei laga av den greske byplanleggaren Konstantínos Doxiádes, medan den modernistiske arkitekten Edward Durell Stone frå USA og den italienske formgjevaren Gio Ponti også sette preg på byen.

Geografi endre

 
Satellittbilde av Islamabad og Rawalpindi, med Faisalmoskeen og den diplomatiske sona avmerkt. (Kjelde: NASA)
 
Alléar og parkar preger bybildet i Islamabad.
Foto: Yasir Abbasi

Islamabad ber preg av å vera ein planlagd by, slik som til dømes Dodoma i Tanzania og Brasilia i Brasil, som også er nybygde hovudstader lagt tilnærma midt i landet. Hovudstaden er delt inn i åtte soner, kvart tileigna eit eige felt: Administrasjon, bustader, diplomatiet, handel, industri, utdanning, i tillegg til eit grønt belte og ein nasjonalpark. Byen er prega av grøntområde, låge hus og ei rekke prangande bustader for dei rike og mektige. Mange pakistanarar frå mellom- og underklassen har ikkje råd til å bu i byen, men bur eit godt stykke unna, i nabobyen Rawalpindi, eller i telt i nokre av grøntområda.[1],[2]

Fleire monumentalbygg prøver å sameina muslimsk tradisjon med det moderne, som i den digre og modernistisk utforma Faisalmoskeen, eller i skyskraparen Saudi-Pak Tower, som er dekorert med blå fliser i muslimsk tradisjon. Andre viktige bygg er Quaid-i-Azam-universitetet, høgsterettsbygningen og presidentbustaden Aiwan-e-Sadr.

Klima endre

Byen ligg ved kanten av Pothohar-platået, sør for Margalla-fjella. Han har varme somrar med temperaturar på opptil 45 °C i juni, og kalde vintrar med minimumstemperaturar ned i -4 °C i januar. Han får monsunregn i juli og august, og kan få noko sludd og snø om vinteren.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Mark Davies for BBC: «Life goes on in Islamabad» (Tuesday, 28 May, 2002)
  2. Ghalia Aymen: «Renting a house in islamabad, is almost imposible!!» Arkivert 2006-10-21 ved Wayback Machine. (blogg, August 17, 2006)

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Islamabad
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.