Ray Wilson

britisk songar

Ray Wilson (fødd 8. september 1968) er ein skotsk musikar, mest kjend som vokalist i post-grunge-bandet Stiltskin og i Genesis mellom 1996 og 1998.[2] Han har gjeve ut åtte soloalbum (inkludert fem konsertalbum) og fem album med banda sine.

Ray Wilson

Ray Wilson, 2024
Fødd8. september 1968 (55 år)
FødestadDumfries i Skottland
OpphavStorbritannia
Aktiv1990[1] til i dag
SjangerRock, post-grunge
InstrumentVokal, gitar, bass, munnspel
Tilknytte artistarStiltskin, Genesis, Cut_. Guaranteed Pure
PlateselskapInsideOut Music, Virgin
Verka somMusikar

Wilson starta i eit band kalla Guaranteed Pure i 1990. Dei gav ut eit album kalla Swing Your Bag. Han vart så medlem av Stiltskin som gav ut eitt album og hadde ein stor hitt med singelen «Inside».

Wilson er truleg mest kjend som vokalist i Genesis frå 1996 til 1998 etter at Phil Collins offisielt slutta i mars 1996. Wilson vart offisielt annonsert som ny songar i Genesis i juni 1997. Det einaste albumet dei spelte inn med Wilson, ...Calling All Stations..., kom ut same månaden og nådde Topp 10 i mange land. Dei turnerte Europa vinteren og våren, men ikkje i Amerika på grunn av dårleg platesal der. Etter dette annonserte bandet at dei kom til å ta ein lengre pause og Wilson forlét bandet.

Wilson spelte sidan inn albumet Millionairhead som eit soloprosjekt kalla Cut_. I 2003 gav han ut eit soloalbum under sitt eige namn, kalla Change. Året etter gav han ut albumet The Next Best Thing og i 2006 gav han ut eit Stiltskin-album kalla She.

Diskografi endre

Solo endre

Studio
Konsertalbum

Guaranteed Pure endre

  • 1993 Swing Your Bag

Stiltskin endre

Studioalbum
Konsertalbum

Genesis endre

Cut_ endre

Kjelder endre

  1. http://www.worldofgenesis.com/Biography-RayWilson.htm
  2. John Sakamoto (6 June 1997). «Genesis names new singer». Canoe. Henta 21. september 2012. 
  3. «Ray Wilson and Stiltskin Live». Raywilson.net. Henta 17. juli 2011. 

Bakgrunnsstoff endre