Raymond Duchamp-Villon

Raymond Duchamp-Villon, opphavleg Pierre-Maurice-Raymond Duchamp, (5. november 18769. oktober 1918) var ein fransk bilethoggar frå Damville i Eure i regionen Haute-Normandie. Kunstnarane Jacques Villon og Marcel Duchamp var brørne hans.

Raymond Duchamp-Villon

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 5. november 1876
Damville
Død

7. oktober 1918 (41 år)
Cannes

Yrke bilethoggar, kunstmålar
Far Justin-Isidore Eugène Duchamp
Mor Lucie Duchamp
Raymond Duchamp-Villon på Commons

Liv og gjerning endre

 
Stor hest, 1914

Duchamp-Villon studerte medisin ved Sorbonne-universitetet i Paris frå 1894 til -98. Etter eit kraftig anfall av giktfeber begynte han å forme små figurar. Stort sett sjølvlærd stilte han i 1902 ut sine første verk i 'Salon de la Société Nationale des Beaux-Arts' (Den nasjonale kunstforeininga).

Tre år seinare stilte han første gongen ut på haustsalongen i Paris, og seinare same året, 1905, i lag med broren Jacques Villon, i Rouen. Få år etter var han jurymedlem for skulpturavdelinga under salong-utstillingane, noko som gav han ein sentral plass når det gjaldt å fremje kubismen. Han og broren Jacques flytta til landsbyen Puteaux, der dei regelmessig trefte andre av same meining og tankegang. Dei arrangerte utstillinga Section d'Or i 1912, saman med fleire andre kubistar. Skulpturane vart vidare synt fram på den største kunstutstillinga i New York.

Duchamp-Villom fekk i 1913 stilt ut verk Galerie André Groult i Paris, Galerie S.V.U. Mánes i Praha, og i 1914 i Der Sturm-galleriet i Berlin. Under første verdskrigen gjorde han teneste i hærens sanitet, med forlegning i Champagne-distriktet. I 1916 fekk han tyfoidfeber og vart send til militærsjukehuset i Cannes, der han døydde.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Raymond Duchamp-Villon