Raymond Ndong Sima
Raymond Ndong Sima (fødd 23. januar 1955)[1] er ein gabonsk politikar som har vore statsminister i Gabon sidan september 2023. Han var også statsminister frå februar 2012 til januar 2014.
Raymond Ndong Sima | |||
| |||
Fødd | 23. januar 1955 (69 år) Oyem | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Gabon | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Université Paris-Dauphine | ||
Alle verv |
Liv og virke
endreNdong Sima var fødd i Oyem, som ligg i nord av Gabon, og studerte i Frankrike. Han blei utnemd til planleggings- og økonomiminister i 1986, og blei gjeven ansvar for strukturtilpassing og tilhøve til Det internasjonale pengefondet og Verdsbanken. I 1992 blei han utnemnd til generaldirektør for økonomi, ei stilling han hadde fram til 1994, men hadde samstundes ansvaret for strukturtilpassing. Han var generaldirektør for det statlege gummiselskapet Hévégab frå 1994 til 1998.[1][2]
Ndong Sima blei utnemnd til landbruks-, husdyr- og landsbygdutviklingsminister den 17. oktober 2009.[3][4]
I parlamentsvalet i desember 2011, der det regjerande Gabonske demokratiske partiet (PDG) vann eit overveldande fleirtal av seta, blei Ndong Sima vald til nasjonalforsamlinga som representant for Kyé, som ligg i Woleu-Ntem-provinsen.[5]
Etter at statsminister Paul Biyoghe Mba gjekk av 13. februar 2012 utnemnde president Ali Bongo Ndong Sima til ny statsminister 27. februar 2012. Utnemninga hans vekte ein del merksemd ettersom denne posten tradisjonelt av blitt gjeven til fangfolk frå Estuaire-provinsen, medan Ndong Sima var frå Woleu-Ntem-provinsen i nord, sjølv om han òg var etnisk fang.[6] Før utnemninga var ikkje Ndong Sima rekna som ein særleg viktig figur på den politiske scenen.[7]
Ndong Sima var statsminister i nesten to år. Etter lokalval i desember 2013 utnemnde president Bongo Daniel Ona Ondo til å erstatta Ndong Sima den 24. januar 2014.[8] Ona Ondo tok over stillinga ved ein overleveringsseremoni med Ndong Sima den 27. januar.[9]
I juli 2015 gjekk Ndong Sima ut av PDG, og klaga over at partiet ikkje var ope for kritikk og ulike synspunkt. Han kritiserte òg regjeringa for handtera av finansane etter at han forlet henne.[10] Leiaren for PDG, Faustin Boukoubi, svara at Ndong Sima var ein opportunist og insisterte på at PDG var internt demokratisk.[11]
Etter at han gjekk ut av partiet, stilte Ndong Sima to gonger i presidentvalet mot Bongo, i 2016 og 2023. Han fekk mindre enn 0,5% av stemmene kvar gong. Etter det gabonske statskuppet i 2023 blei han innsett som statsminister av den mellombelse presidenten Brice Oligui i ei overgangsregjering den 7. september 2023.[12]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 "Raymond Ndong Sima : un homme d'action" Arkivert 2012-03-01 ved Wayback Machine., GabonEco, 29. februar 2012.
- ↑ Gérald Mounomby, "Les deux vies de Raymond Ndong Sima" Arkivert 2012-03-08 ved Wayback Machine., Business Gabon, 8. mai 2008.
- ↑ "Gabon : Le premier gouvernement du septennat d’Ali Bongo" Arkivert 2012-03-02 ved Wayback Machine., GabonEco, 17. oktober 2009\.
- ↑ Yorick Kombila Manfoumby, "Gabon: « Le ministère de l'Agriculture est un département sectoriel qui contribue significativement à la croissance », Raymond Ndong Sima", Gabonews, 18. oktober 2009.
- ↑ Georges Dougueli, "Gabon : Ndong Sima, un Premier ministre qu'on n'attendait pas", Jeune Afrique, 7. mars 2012.
- ↑ "Gabon: Ali Bongo nomme un natif du nord, Ndong Sima, premier ministre", Agence France-Presse, 27. februar 2012.
- ↑ Georges Dougueli, "Gabon : Ndong Sima, un Premier ministre qu'on n'attendait pas", Jeune Afrique, 7. mars 2012.
- ↑ "Gabon's president names new PM after local elections", Agence France-Presse, 24. januar 2014.
- ↑ "Daniel Ona Ondo a pris ses fonction" Arkivert 2014-01-29 ved Wayback Machine., Gabonews, 27. januar 2014.
- ↑ "Gabon: Raymond Ndong Sima claque la porte du parti au pouvoir", Radio France Internationale, 3. juli 2015.
- ↑ "Gabon: le parti d’Ali Bongo récuse un manque de démocratie interne", Radio France Internationale, 4. juli 2015.
- ↑ «Gabon military government appoints former opposition leader as interim PM» (på engelsk). Aljazeera. 7. september 2023. Arkivert frå originalen 7. september 2023. Henta 8. september 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Raymond Ndong Sima» frå Wikipedia på engelsk, den 26. januar 2024.