Fang, alternativt fãn eller pahouin, er eit jordbrukande bantufolk frå Ekvatorial-Guinea, sørvestre Kamerun, nordvestre Gabon og São Tomé og Príncipe. Overslag over folketalet deira varierer mellom 1 og 3 millionar.[1][2] Dei utgjer kring 85 % av alle innbyggjarane i Ekvatorial-Guinea, der dei dermed er den største folkegruppa.[3] Dei er også den største folkegruppa i Gabon, der dei utgjer rundt ein firedel av innbyggjarane.[4]

Bulufolk, ei undergruppe av fangfolk, fotografer i 1912.
Fangmaske i Louvre.

Kunstverk laga av fangfolk, særleg av tre, jern og kleberstein, er regionalt kjende. Dei utskorne tremaskene og idolfigurane deira er blitt stilte ut ved museum over heile verda.[5][6]

Historie

endre

Etter tradisjonen innvandra fangfolket til det noverande leveområdet sitt tidleg på 1800-talet. Dei var eit krigarfolk som fekk rykte på seg for å vera kannibalar, noko som ved avskrekking hjelpte dei til å få kontroll over nye landområde og halda fiendar på avstand.[2][7] På den andre sida bidrog ryktet om kannibalisme også til å rettferdiggjera mishandling og slavehald av dei. Seinare etnologar som har brukt tid i lag med fangfolk har funne at bein og skallar dei hadde framme og i treboksar var æra leivningar av forfedrane deira, ikkje prov på kannialisme.[8]

Religion

endre

Den tradisjonelle religionen til fangfolk er sentrert rundt forfedrane, som ein trur utøver makt i livet etter dette. Relikt etter tidlegare leiarar i form av skallar og lange bein blir trudd å hjelpa familien med å behalda makta og bli ved helse.[7]

I 1939 blei fangfolket rekna for å vera blitt kristna. Men seinare har bwiti, ein kult med element frå kristendom og tradisjonell religion, hatt stor framgang. Heksetru blei eit viktig innslag.[1][2]

Organisasjon

endre

Tradisjonelt er fangsamfunnet organisert i klanar utan ei sentral politisk leiing. I Ekvatorial-Guinea og Gabon dominerer fangfolk det politiske livet.[1][2]

Kjende fangfolk

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 «Fang». Nationalencyklopedin. Henta 28. mars 2016. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Fang». Encyclopedia Britannica. Henta 28. mars 2016. 
  3. Jamie Stokes (2009). Encyclopedia of the Peoples of Africa and the Middle East. Infobase. s. 225–227. ISBN 978-1-4381-2676-0. 
  4. Equatorial Guinea People and Society; Cameroon People and Society; Gabon People and Society; CIA Factbook
  5. Chinua Achebe (1977), An Image of Africa, The Massachusetts Review, Vol. 18, No. 4 (Winter, 1977), pages 782-794
  6. Guyer, Jane I. (1993). «Wealth in People and Self-Realization in Equatorial Africa». Man 28 (2): 243–265. JSTOR 2803412. doi:10.2307/2803412. 
  7. 7,0 7,1 «Fang». Art & Life in Africa. The University of Iowa Museum of Art. Henta 28. mars 2016. 
  8. John A. Shoup (2011). Ethnic Groups of Africa and the Middle East: An Encyclopedia. ABC-CLIO. s. 60–61. ISBN 978-1-59884-362-0.