Idrettsforeningen Ready er eit norsk idrettslag heimehøyrande i bydelen Vestre Aker i Oslo, stifta 14. juni 1907. Idrettslaget er aktiv i bandy, fotball, friidrett, handball og skiidrett, både alpine greiner og nordiske greiner. Bandylaget opptrer i mørkeblå drakter, fotballaget i mørkeblått og kvite bukser.

Ready-laget 1921
Jacob Tullin Thams
Stein Eriksen

Ready har særleg utmerkt seg i bandyklubb med ei rad NM-titlar. Dei olympiske meisterane, skihopparen Jacob Tullin Thams og skialpinisten Stein Eriksen, var i si tid dei mest kjende Ready-medlemene.

Bandy

endre

Ready dominerte bandyidretten i 1910- og 20-åra med 13 NM-pokalar i tida 1913-27. I 2015, 88 år etter siste NM-triumf, vann Ready noregsmeisterskapen for 14. gang.

Alpine greiner

endre

Ready har fostra mange alpine skirennarar til nasjonalt nivå som har sanka ei mengd medaljar i noregsmeisterskap. Stein Eriksen vart i tilegg olympisk meister i 1952 og verdsmeister i 1954.

Nordiske greiner

endre

Ready-utøvaren Jacob Tullin Thams vart i 1924 den fyrste olympiske meisteren i skihopping. Frå 1960-talet hevda Frithjof Prydz seg i noregstoppen, i 1970-åra også Didrik Müller Ellefsen.

Fotball

endre

Herrelaget spelar i 3. divisjon avdeling 4 (2020).

I norsk fotballs «barndom» på 1910-20-talet hadde Ready fleire utøvarar som spelte landskampar, framom alle Adolph Wold og Per Helsing. Etter andre verdskrigen har Ready stort sett delteke på nivå 4 og 5 i seriesystemet, av og til også i 3. divisjon/nivå tre.

Kjelder

endre