Rebecca Latimer Felton

amerikansk politikar

Rebecca Ann Latimer Felton (10. juni 183524. januar 1930) var ein amerikansk forfattar, lærar, sosialreformerar og politikar som vart den første kvinna som tenestegjorde som senator i det amerikanske senatet. Ho er den mest prominente kvinna historia til den amerikanske delstaten Georgia historie i den progressive perioden, og vart heidra med ei utnemning til senatet.

Rebecca Latimer Felton

Fødd10. juni 1835
Decatur
Død24. januar 1930 (94 år)
Statsborgar avUSA
PartiDet demokratiske partiet i USA
Yrkeforfattar, lærar, sosialreformator og politikar
EktefelleWilliam Harrell Felton
VervAmerikansk senator for Georgia 21. november 1922–22. november 1922
FøregangarThomas E. Watson
EtterfylgjarWalter F. George
Alle verv
  • senator i USA (1922–1922) Sjå dette på Wikidata

Felton vart teken i eid den 21. november 1922 og tenestegjorde berre i 24 timar.[1] I ein alder av 87 år, ni månadar og 22 dagar var ho den eldste ferske senatoren som kom inn i senatet. Ho er så langt den einaste kvinna som har vore Senator frå Georgia. Ektefellen hennar William Harrell Felton var medlem av Representanthuset og representanthuset i Georgia, og ho dreiv valkampane hans. Ho var ei leiande sosietetskvinne, ein talsperson for fengselsreformer, røysterett for kvinner og pedagogisk modernisering.

Ho var også den siste tidlegare slaveeigaren i Kongressen, og ei av få framståande kvinner som talte i favør for lynsjing.[2][3]

Kjelder endre

  1. Buchanan, Paul D. (2009). The American Women's Rights Movement: A Chronology of Events and of Opportunities from 1600 to 2008 (på engelsk). Branden Books. s. 133. ISBN 978-0-8283-2160-0. 
  2. Numan Bartley, The Creation of Modern Georgia (1983) s. 121
  3. Zucchino 2020, s. 83-84,87–89,280–281.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Rebecca Latimer Felton