Reflection av Pentangle

Reflection
Studioalbum av Pentangle
Utgjeve Oktober 1971
Studio Command Studios og Olympic Studios i London
Sjanger Folk, folkrock[1]
Lengd 39:30
Selskap Transatlantic
Produsent Bill Leader
Pentangle-kronologi
Cruel Sister
(1970)
Reflection Solomon's Seal
(1972)


Reflection er eit album frå 1971 av folkrockbandet Pentangle: Terry Cox, Bert Jansch, Jacqui McShee, John Renbourn og Danny Thompson. Folkevisene på albumet er meir frå Appalachane enn Storbritannia, både i songutvalet og arrangementa der det mellom anna vert nytta banjoar. Av songar finn ein «Wedding Dress», «Omie Wise», «Rain and Snow» og «Will the Circle Be Unbroken». Sistnemnde inneheld wah-wah elektrisk gitar og bluesmunnspel.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg [1]

Av deira eigne songar finn ein «When I Get Home» av Jansch med folkegitaren hans og jazzgitaren til Renbourn.

Albumet vart spelt inn i løpet av tre veker i mars 1971, ein periode då det var gnissingar mellom bandmedlemmane. Forskjellige bandmedlemmar trua med å slutte og kor vidt Jansch og Renbourn deltok på innspelingane var avhengig av om dei var edru eller ikkje.[2]

InnhaldEndra

Alle songar skrivne av Terry Cox, Bert Jansch, Jacqui McShee, John Renbourn og Danny Thompson, utanom der andre er nemnde.

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Wedding Dress»  tradisjonell 2:51
2. «Omie Wise»  tradisjonell 4:23
3. «Will the Circle Be Unbroken?»  tradisjonell 4:06
4. «When I Get Home»    4:55
5. «Rain and Snow»  tradisjonell 3:49
Side to
# Tittel Lengd
6. «Helping Hand»   3:27
7. «So Clear»   4:49
8. «Reflection»   11:14

MedverkandeEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Reflection av PentangleAllmusic
  2. Harper, Colin (2006). Dazzling Stranger: Bert Jansch and the British Folk and Blues Revival (paperback edn.). Bloomsbury. s. 229. ISBN 0-7475-8725-6.