Regionar i Latvia
Latvia er delt inn i fleire historiske og kulturelle regionar.
Den latviske grunnlova viser til fire regionar:
- Kurzeme (Kurland), den vestlege delen av Latvia, består om lag av fylka Liepāja, Kuldīga, Talsi, Saldus og Ventspils.
- Zemgale (Semigallia) er den sentrale delen av Latvia. Zemgale grensar til Kurzeme i aust, Rigabukta og elva Daugava i nord og grensa mellom Latvia og Litauen i sør. Det består grovt sett av fylka Bauska, Dobele, Jelgava og Tukums og delar av Aizkraukle, Daugavpils, Jēkabpils, Ogre og Riga som er sør for Daugava. Tradisjonelt inkluderer òg Semigallia nordlege delar av Šiauliai fylke i Litauen.
- Vidzeme, som tyder «Det midtre landet», òg kalla Livland sjølv om det berre består av mindre delar av det tradisjonelle Livland. I dag består Vidzeme av den latviske delen av Svensk Livland og Riga. Det utgjer om lag fylka Alūksne, Cēsis, Gulbene, Limbaži, Madona, Valka, Valmiera og delar av Aizkraukle, Ogre og Riga nord for Daugava.
- Latgale (Latgallia), delar av Livland som framleis var underlagt Den polsk-litauiske realunionen etter Altmarktraktaten i 1629, det såkalla Inflanty. Det består grovt sett av fylka Balvi, Krāslava, Ludza, Preiļi, Rēzekne og delar av Daugavpils og Jēkabpils nord for elva Daugava.
Ein femte region er Sēlija (Selonia, Augšzeme), som ofte vert rekna som ein del av Semigallia. Selonia består av den austlege delen av provinsen Semigallia, som om lag utgjer til delar av fylka Aizkraukle, Daugavpils og Jēkabpils sør for Daugava. Tradisjonelt inkluderer Selonia òg nordaustlege område av Litauen.
I nokre høve vert Kurzeme og Zemgale omtalt som ein region. Dette viser til den politiske delinga av Latvia mellom 1629 og 1917 då Kurzeme og Zemgale var i lag, først som Hertugdømet Kurland, så som Kurland gubernija i Det russiske riket, medan Vidzeme og Latgale var politisk delt, både frå Kurland og frå kvarandre. Ut frå dette synet er det tre regionar: Kurzeme (inkludert Zemgale og Sēlija), Vidzeme og Latgale. Denne delinga av Latvia i tre regionar er ikkje i bruk til vanleg, men ein kan sjå spor etter det i riksvåpenet til Latvia og i fridomsmonumentet i Riga som begge inneheld tre stjerner; ei for Kurzeme, Vidzeme og Latgale, som vart samla til Latvia i 1918.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Regions of Latvia» frå Wikipedia på engelsk, den 21. januar 2008.