Kurland

(Omdirigert frå Kurzeme)

Kurland (latvisk Kurzeme; litauisk Kuršas; estisk Kuramaa; polsk Kurlandia; russisk Курляндия, Kurljandija) er eit av dei fire historiske landskapa i Latvia. Det ligg sørvest for Rigabukta, og er kalla opp etter det baltiske folket kurane. Det strekte seg i mellomalderen heilt ned til dagens nordvestre del av Kaliningrad (Königsberg) og omfatta heile det noverande litauiske kystområdet.

Hertugdømet Kurland, 1740.
Inngangen til hertugane av Kurland sitt palass

Kurland høyrte under den Den tyske riddarordenen i staten Livland (om lag 12001560). Kurland var eit hertugdøme som var ein del av Den polsk-litauiske realunionen frå 1560 til 1795 og hadde på 1600-talet koloniarTobago og i Gambia. For å tene skipa i kolonitrafikken gjekk hertug Jekabs (16101682) inn i ein leigeavtale om bruk av Flekkerøy utanfor Kristiansand. I 1664 sikra hertugen gjennom ein avtale med Fredrik III av Danmark-Noreg rettane for for Kurland til å utvinne sølv, bly, kopar og jern med særs gunstige vilkår. Kurland etablerte gruver på Eidsvoll og Kongsberg, og i periodar var opptil 300 kurlendarar i arbeid i Noreg.

Etter delinga av Polen og Litauen i 1795 gjekk området over til Det russiske keisardømet (17951918).

I tillegg til latviarar og tyskarar budde det òg svenskar her, i nyare tid òg russarar. Den nordlegaste delen er tynt folkesett og er for det meste busett av livarar.

Grunneigarane og byborgarskapet, og dermed dei danna klassane, var i all hovudsak tyskspråklege, den tyske folkegruppa vart evakuert av styresmaktene til Posenområdet under den andre verdskrigen, og derfrå drive vidare bort av Stalin og polakkane.

Byar i KurlandEndra

Hertugar av KurlandEndra

1562-1587 Gotthard Kettler
1587-1642 Friedrich Kettler
1587-1616 saman med Wilhelm Kettler (delt 1596-1616)
1642-1681 Jakob Kettler
1681-1698 Friedrich Kasimir Kettler
1698-1711 Friedrich Wilhelm Kettler
1711-1737 forskjellige rivaliserande regentar, m.a. den seinare russiske tsarina Anna
1737-1758 og 1758-1763 Ernst Johann von Biron
1763-1795 Peter von Biron

KjeldeEndra