Latgale
Latgale eller Latgalia (latvisk Latgale, latgalisk dialekt Latgola) er ein av fire kulturelle regionar i Latvia som er nedfelt i grunnlova. Han er den austlegaste regionen nord for elva Daugava. Medan det meste av Latvia er protestantisk er Latgale hovudsakleg romersk katolsk.
Regionen har ein stor folkesetnad med etniske russarar, særleg i Daugavpils, den største byen i regionen. Mange av russarane som budde i Latgale før det kom under Sovjetunionen var gammaltruande. Rēzekne, ofte kalla hjarte av Latgola, Krāslava og Ludza er andre store byar i regionen, som òg har ein kviterussisk minoritet. I tillegg er det framleis ein større polsk minoritet (Daugavpils har nesten like mange polakkar som latviarar).
Regionen er ein av dei fattigaste i EU og i motsetnad til det resten av Latvia var majoriteten av veljarane imot EU-medlemskap i folkeavstemminga.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Latgale» frå Wikipedia på engelsk, den 21. januar 2008.
BakgrunnsstoffEndra
- Latgale på dau.lv Arkivert 2005-09-24 ved Wayback Machine.
- Forskingssenter i Latgale Arkivert 2006-02-08 ved Wayback Machine.
- Latgalis-latvisk ordbok