Norske regjeringar
Norske regjeringar har styrt Noreg sidan landet gjekk ut av union med Danmark i 1814. Regjeringa vert utnemnd av kongen som i prinsippet kan utnemna kven han vil som medlem av sitt råd, statsrådane (ofte kalla «ministrane»). Formelt sett er det statsminister og utanriksminister, dei andre i regjeringa er formelt sett statsrådar. Til denne tid har kongane likevel godkjend statsministeren sine framlegg til statsrådar. Om stortingsvalet gjev eit anna parti fleirtal vil den sitjande regjeringssjefen søkja kongen om avskil. Han vil då tilrå kongen ein annan statsministerkandidat. I 1928 fekk kong Haakon VII motstridande råd, og kongen gav oppdraget med å danne regjering til det største partiet, Det norske Arbeidarpartiet. Christopher Hornsrud danna deretter Noreg si fyrste arbeidarpartiregjering.
Ei regjering kan endrast undervegs ved at statsrådar vert skifta ut eller skiftar departement. Trass i dette vert regjeringa rekna å vera den same så lenge statsministeren sit.
Regjeringar 1814 - 1884
endreUnionskongane av Sverige og Noreg nemnde opp regjeringar. Parlamentarismen var ikkje innført. Mellom 1814 og 1884 var det ikkje fullstendig skifte av regjeringar, statsrådar skifta ut etter kvart. Difor reknar ein med fylgjande regjeringsperiodar:
- Regjeringsrådet/statsrådet i 1814
- Regjeringa Wedel-Jarlsberg I (1814 - 1822)
- Regjeringa Collett (1822-1836)
- Regjeringa Wedel Jarlsberg II (1836 - 1840)
- Regjeringa Løvenskiold og Vogt (1840 - 1856)
- Regjeringa Vogt (1856 -1861)
- Regjeringa Stang (1861 -1880)
- Regjeringa Selmer (1880 -1884)
- Regjeringa Schweigaard (1884 - 1884)
Liste over Norske regjeringar 1884 - 1945
endreParlamentarismen vart innført i 1884, regjeringane måtte etter dette ha stønad i Stortinget.
- Regjeringa Sverdrup V (26. juni 1884 - 13. juli 1889)
- Regjeringa Stang I H (13. juli 1889 - 6. mars 1891)
- Regjeringa Steen I V (6. mars 1891 - 2. mai 1893)
- Regjeringa Stang II (2. mai 1893 - 14. oktober 1895)
- Regjeringa Hagerup I (14. oktober 1895 - 17. februar 1898)
- Regjeringa Steen II (17. februar 1898 - 21. april 1902)
- Regjeringa Blehr I (21. april 1902 - 22. oktober 1903)
- Regjeringa Hagerup II (22. oktober 1903 - 11. mars 1905)
- Regjeringa Michelsen (11. mars 1905 - 23. oktober 1907)
- Regjeringa Løvland (23. oktober 1907 - 19. mars 1908)
- Regjeringa Knudsen I (19. mars 1908 - 2. februar 1910)
- Regjeringa Konow (2. februar 1910 - 20. februar 1912)
- Regjeringa Bratlie (20. februar 1912 - 31. mars 1913)
- Regjeringa Knudsen II (31. mars 1913 - 21. juni 1920)
- Regeringa Bahr Halvorsen I (21. juni 1920 - 22. juni 1921)
- Regjeringa Blehr II (22. juni 1921 - 6. mars 1923)
- Regjeringa Bahr Halvorsen II (6. mars 1923 - 30. mai 1923)
- Regjeringa Berge (30. mai 1923 - 25. juli 1924
- Regjeringa Mowinckel I (25. juli 1924 - 5. mars 1926)
- Regjeringa Lykke (5. mars 1926 - 28. januar 1928)
- Regjeringa Hornsrud (28. januar 1928 - 15. februar 1928)
- Regjeringa Mowinckel II (15. februar 1928 - 12. mai 1931)
- Regjeringa Kolstad (12. mai 1931 - 14. mars 1932)
- Regjeringa Hundseid (14. mars 1932 - 3. mars 1933)
- Regjeringa Mowinckel III (3. mars 1933 - 20. mars 1935)
- Regjeringa Nygaardsvold (20. mars 1935 - 25. juni 1940)
Noreg okkupert av Tyskland 1940 - 1945
endre- Regjeringa Quisling I 9. april 1940 - 15. april 1940
- Administrasjonsrådet 15. april 1940 - 22. september 1940
- Josef Terboven sine kommissariske statsrådar 22. september 1940 - 1. februar 1942
- Regjeringa Quisling II 1. februar 1942-8. mai 1945
Regjeringar etter 1945
endre- Regjeringa Gerhardsen I Samlingsregjering (25. juni 1945-1. november 1945)
- Regjeringa Gerhardsen II A (1. november 1945-19. november 1951)
- Regjeringa Torp A (19. november 1951 - 22. januar 1955)
- Regjeringa Gerhardsen III A (22. januar 1955 - 28. august 1963)
- Regjeringa Lyng H, KrF, Sp, V (28. august 1963 - 25. september 1963)
- Regjeringa Gerhardsen IV A (25. september 1963 - 12. oktober 1965)
- Regjeringa Borten H, KrF, Sp, V (12. oktober 1965 - 17. mars 1971)
- Regjeringa Bratteli I A (17. mars 1971 - 18. oktober 1972)
- Regjeringa Korvald KrF, Sp, V (18. oktober 1972 - 16. oktober 1973)
- Regjeringa Bratteli II A (16. oktober 1973 - 15. januar 1976)
- Regjeringa Nordli A (15. januar 1976 - 1. februar 1981)
- Regjeringa Brundtland I A (1. februar 1981) - 14. oktober 1981)
- Regjeringa Willoch H, frå 8. juni 1983: H, KrF, Sp (14. oktober 1981 - 9. mai 1986)
- Regjeringa Brundtland II A (9. mai 1986 - 16. oktober 1989)
- Regjeringa Syse H, KrF, Sp (16. oktober 1989 - 3. november 1990)
- Regjeringa Brundtland III A (3. november 1990 - 25. oktober 1996)
- Regjeringa Jagland A (25. oktober 1996 - 17. oktober 1997)
- Regjeringa Bondevik I KrF, Sp, V (17. oktober 1997 - 17. mars 2000)
- Regjeringa Stoltenberg I A (17. mars 2000 - 19. oktober 2001)
- Regjeringa Bondevik II H, KrF, V (19. oktober 2001 - 17. oktober 2005)
- Regjeringa Stoltenberg II A, Sp, SV (17. oktober 2005 - 16. oktober 2013)
- Regjeringa Solberg H, FrP (16. oktober 2013 - )