Reidar Johansen

norsk politikar

Reidar Peder Johansen (fødd 18. mai 1955) er ein norsk lærar og politikar frå Akkarfjord og Hammerfest som representerte Sosialistisk Venstreparti og Finnmark på det norske Stortinget i tida 1989-97.

Reidar Johansen
Fødd18. mai 1955 (69 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSosialistisk Venstreparti
Yrkepolitikar
Alle verv

Johansen er utdanna ved Nordland distriktshøgskole i Bodø og lærarskulen i Alta. Han var lærar i heimbyen Hammerfest frå 1977 til han vart til stortingsrepresentant i 1989. 1983-87 var han med i Sørøysund kommunestyre. Hausten 1987 vart han vald til medlem av bystyret i Hammerfest og til fylkestinget i Finnmark. I begge desse styringsorgana fekk han framskotne roller.

Hausten 1989 vart Johansen vald inn på stortinget, som den andre SV-politikaren frå Finnmark og den fyrste sidan tingbolken 1973-77. Attvald i 1993. Johansen var dei fire fyrste åra medlem i Næringskomiteen, i den andre perioden medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen.

Etter åra på stortinget var Johansen aktiv i politikken i Hammerfest og Finnmark.

Kjelder

endre
  • stortinget.no
  • Stortinget i navn og tall: høsten 1993 - våren 1997.