Opna hovudmenyen

Reidar Kristiansen

norsk fotballspelar

Reidar Kristiansen (19. mars 192711. februar 1999) var ein norsk fotballspelar frå Fredrikstad som vann fire seriefinalar og to cupfinalar med Fredrikstad Fotballklubb i åra frå 1954 til 1961.

Reidar Kristiansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. mars 1927
Fredrikstad
Død

11. februar 1999

Idrett fotball
Yrke fotballspelar

Kristiansen var FFK-spelar på slutten av 1940-talet, men fekk lite speletid. I 1950 melde han overgang til byrivalen Lisleby, der han var fram til 1954. Han melde seg då innatt i FFK og tok styringa på midtbana, var kaptein og fast straffeskytar. Gjennom åtte sesongar var han med å vinne fire seriemeisterskap og to noregsmeisterskap, både i 1957 og 1961 sikra laget «the double».

Kristiansen fekk sin landslagsdebut 8. mai 1955, på tiårsdagen for frigjeringa i 1945, i ein såkalla vennskapskamp mot Ungarn (0–5). Hans 15. og siste landskamp kom i ein OL-kvalifiseringskamp mot Island den 7. juli 1959, også den kampen enda med tap (0–1).

Han var ein allsidig spelar som kunne nyttast i fleire posisjonar, med det var på midtbana «han hadde sitt egentlige operasjonsområde. Han var ein effektiv bølgebryter samtidig som han benyttet enhver anledning til å sette fart i angrepsspillet».[1]

MerittarEndra

  • Seriemeister: 1953/54, 1956/57, 1959/60 og 1960/61
  • Noregsmeister: 1957 og 1961

Notar og kjelderEndra

  1. Magnus Breili:Fotballboken. 1967