Reinhard Theimer (28. februar 19483. september 2020) var ein tysk friidrettsutøvar frå Berlin som representerte Aust-Tyskland i sleggjekasting. Han vann medalje i øvinga i tre europameisterskap i rad; 1969, 1971 og 1974.

Reinhard Theimer
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 28. februar 1948
Berlin
Død

3. september 2020 (72 år) (72 år)
Hohen Neuendorf

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1972, Sommar-OL 1968

Aktiv endre

Den 3. august 1968 i Aust-Berlin sette Theimer austtysk rekord i sleggjekast med 71,26 meter, hans fyrste kast over 70 m og som gav han femteplass på verdsstatistikken. Ved europameisterskapen 1969 vart han tredjemann med 72,02 m, slått av Sovjetunionens Anatolij Bondartsjuk, som sette verdsrekord med 74,68 m, og Romuald Klim. Same året flytta Theimer den austtyske rekorden til 72,90 m.

Sommaren 1971 forbetra Theimer rekorden sin til 74,02 m i Aust-Berlin. Vel ein månad seinare leia han EM-finalen i Helsinki med eit kast på 71,80 m, til dess vesttyske Uwe Beyer kasta halvmeteren lengre i den siste omgangen og vart europameister.

Den 4. juli 1974 sette Theimer verdsrekord då han i Erfurt vart austtysk meister for femte gong. Verdsrekordkastet målte 76,60 meter, rekorden vart sletta allereie 10 veker seinare av Aleksej Spiridonov frå Sovjetunionen. I mellom desse rekordkasta fekk Theimer bronsen i europameisterskapen, klart slått av gullmedaljør Spiridonov.

Frå 1967 til 1974 vart Theimer nummer ein eller to i den austtyske meisterskapen, han vann åra 1968, 1969, 1970, 1973 og 1974.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre