63°33′54″N 9°55′13″E / 63.56500°N 9.92028°E / 63.56500; 9.92028

Bogegang ved Reins kloster.

Reins kloster eller Reinskloster, opphavleg Rein kongsgard, er ein norsk herregard austom Trondheimsfjorden, i Indre Fosen kommune i Trøndelag.

Rein vart gjeven av kong Olav Kyrre omkring 1070 til Skule Tostesson Kongsfostre, som vart stamfar til kong Inge Bårdsson (d. 1217) og den yngre halvbroren hans, tronepretendenten hertug Skule Bårdsson (d. 1240). Klosteret vart oppretta på garden av Skule Bårdsson rundt 1230. Ruinane av klosteret er enno synlege, og tilhøyrer i dag Fortidsminneforeningen.[1]

Skiping endre

 
Ruinen av Reins kloster

Skule Bårdsson vart eigar av garden Rein tidleg på 1200-talet. I 1226 låg Skule farleg sjuk i Nidaros, og i det sambandet må han ha gjeve ein lovnad. Han lét byggja ei steinkyrkje, innretta eit nonnekloster og gav godset sitt til det. Første abbedisse var halvsystera til Skules, fru Sigrid Bårdsdotter. Klosteret vart ramma av eit lynnedslag og brann ned i 1317, men det vart seinare gjenoppbygd. Ruinane på staden er i dag verna.

Hertug Skules dotter, dronning Margrete, som var gift med kong Håkon Håkonsson, heldt til i dette klosteret på sine eldre dagar.

Det er uvisst kva for ein ordenstilhøyring klosteret har hatt, men ein trur at det har vore ei augustinarstifting for fornemme kvinner.[2] Rein nonnekloster låg på ei dominerande høgd i det flate Rissalandskapet, med vid utsikt mot den ytre delen av Trondheimsfjorden.

Etter reformasjonen endre

 
Ruinar og trebygningar ved Reins kloster i 1928.

Den mektige fru Inger til Austrått vart i 1531 forstanderinne for klosteret, mot å sørgja for abbedissa og systrene. Etter reformasjonen vart Rein kloster overført som krongods. Fru Inger levde frå ca. 1440 og var den leiande personlegdomen til norsk adel. Ho var gift med Nils Henriksøn Gyldenløve. Han døydde i 1523, og ho levde i enkjestand fram til ho døydde i 1555. Då omkom ho ved forlis på SøvdefjordenSunnmøre, 85 år gammal. Ho og Nils Henriksøn fekk fem døtrer, men ingen søner.

Inger til Austrått levde i dansketida, og ho la ned eit stort arbeid for norsk sjølvstende. Fru Inger var dessutan den største eigedomsbesittaren i landet. Etter at ho døydde vart Rein med tilhøyrande jordgods, opptil 202 gardar, eit verdsleg len. Fru Inger si dotter Lucie vart gift med den skånske adelsmannen Jens Bjelke. Dei var oldeforeldra til Ove Bjelke som bygde Austråttborga i 1655. Den gamle herregarden vart då riven.

I dag endre

Sjølv om mange gardar i løpet i tida er vorte selt frå, er Rein enno eit av dei største jordgodsa i det nordafjelske Noreg.

I dag består godset av fleire bygningar i tillegg til klosterruinen, blant anna ei gjenreist gammal trekyrkje, ein meieribygning frå 1868, som er bygd tett inntil ruinen, og hovudbygningen frå 1866. Ansvaret for sjølve ruinen vart overlate til Fortidsminnesamskipnaden i 1888, og dette innebar eit tett samarbeid med eigaren av godset.

Klosterruinen er, på grunn av alderen sin, automatisk freda. Garden sin hovudbygning, meieribygning, fjøs, borgstove og deler av hage- og parkanlegget vart òg freda 10. november 2014.[3]

Trivia endre

I Sigrid Undset sin romantrilogi Kristin Lavransdatter lever hovudpersonen dei siste åra av livet sitt i Reinklosteret.

Informasjonstavle om Rissaraset endre

Informasjonstavle om Rissaraset står ved Reins kloster. Ein vegvisar til rasområdet står ved Rein kyrkje.

Kjelder endre

  1. Bratberg, Terje (16. desember 2009), «Reinskloster», Store norske leksikon, henta 18. september 2016 
  2. Historie ved reinskloster.no
  3. Reins kloster fredet, riksantikvaren.no

Bakgrunnsstoff endre