Reliktlaks er lakseartar som held til heile livet i ferskvatn. Desse stammar frå vanleg laks som blei verande i avstengte innsjøar og tilpassa seg livet der, og blir difor kalla relikt.

I Noreg er namsblank (eller småblank)[1] og byglandsbleke reliktlaks. Den svenske innsjøen Vänern har òg ein bestand (der han blir kalla klarälv). Det blir òg sett ut vänerlax i Vättern men der er han ikkje naturleg og formeirer seg ikkje.[2]

I Finland finst enkelte mindre bestandar. Det finst òg artar i Nord-AmerikaNewfoundland og i Dei store sjøane. Bestandane i dei karelske sjøane Ladoga og Onega er truleg forsvunne.

KjelderEndra

  1. Småblank. Artsdatabanken. Vitja 22. juni 2020
  2. «Laxutsättningarna i Vättern». Arkivert frå originalen 2017-04-14. Henta 13. april 2017. 

LitteraturEndra

  • NOU 1999:9 Til laks åt alle kan ingen gjera? Kap. 7, Forvaltning av atlantisk laks og stillehavslaks i andre land.