René Cattarinussi

René Cattarinussi (fødd 12. april 1972) er ein italiensk tidlegare skiskyttar frå Tolmezzo i provinsen Udine. Han vann to VM-sølv og to VM-bronsar på 10 km i tida 1996-2001.

René Cattarinussi
Fødd 12. april 1972 (49 år)
Tolmezzo
Yrke skiskyttar

AktivEndra

Cattarinussi fekk sitt gjennombrot då han overraskande tok bronsemedaljen på 10 km under VM 1996 i Ruhpolding. Året etter, under VM 1997 i Osrblie tok han sølv på same distansen, og bronse på stafetten. På 10-kilometeren syrgde han for italiensk dobbeltsiger, då landsmannen Wilfried Pallhuber tok ein suveren siger. Sidan tok Cattarinussi ein ny bronse- og ein ny sølvmedalje på sprintdistansen over 10 km, under høvesvis 2000 og 2001.

Cattarinussi, som var spesialist på 10-kilometeren, fekk åtte av sine elleve pallplasseringar i verdscupen i skiskyting på den distansen. To gongar vann han verdscuprenn; ein 10 km i Antholz i 1999 og ein 15 km fellesstart i Khanty-Mansijsk i mars 2000.

Han la opp som skiskyttar i 2003.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar